Stortinget seier nei til halvautomatiske våpen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 22. juli-massakren vart utført med eit halvautomatisk våpen. Det er behov for å bli kvitt desse våpena, seier Høgres justispolitiske talsperson Peter Frølich til NTB.

– Det er det siste punktet på Gjørv-kommisjonens liste som no vert gjennomført. Å ha tilgang til ekstremt kraftige og dødelege, halvautomatiske våpen bør ikkje vere ein rett i Noreg, seier Høgre-representanten.

Større våpengarderobe

Frølich understrekar at det vert gjort avgrensande unntak for sportsskyttarar i innstillinga frå justiskomiteen, som vart gitt tysdag.

– Det er også viktig å understreke at det framleis vil vere fullt mogleg å vere jeger i Noreg. Vi har lytta til innvendingane frå Norges Jeger- og Fiskerforbund og blant anna utvida den såkalla jaktvåpengarderoben frå seks til åtte våpen, seier Frølich.

Regjeringa foreslo i utgangspunktet at seks våpen burde vere grensa for kor mange skytevåpen ein jeger kan erverve utan særskilt behovsprøving. Dette var i tråd med synet til fleirtalet i våpenlovutvalet, der eit mindretal gjekk for åtte våpen.

LES OGSÅ: Villsvina er tilbake på norsk jord

Ikkje rifler

Dåverande justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) understreka at forbodet ikkje rammar rifler som vert brukt av norske jegerar då han i fjor haust la fram regjeringsforslaget.

– Dette er våpen som eigentleg er utvikla for politi og forsvar og omsett i sivil versjon. Det er eit angrepsvåpen, det er ikkje eit våpen for å felle norsk vilt, sa justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) til NTB.

Han anslo at eit par tusen som eig denne våpentypen må levere våpena frå seg dersom lova blir vedtatt, men overgangsreglar vil gjelde.

LES OGSÅ: Biten til blods av skoten rev

Ikkje store endringar

Det er ikkje nokon dramatiske endringar for jegerane, sa kommunikasjonskonsulent ​Håvard Skjerstad Andersen i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) overfor NTB då regjeringsforslaget vart kjent i september i fjor.

Han viste til at det alt i dag er restriksjonar på våpen «av militær karakter».

Lovforslaget er i hovudsak ei lovfesting og klargjering av gjeldande rett, i tillegg til at ein har implementert EUs reviderte våpendirektiv, poengterer NJFF på sine nettsider. (©NPK)

LES OGSÅ: Vordande fangstmenn på Svalbard – eitt år åleine i øydemarka