USA: Over 40 drepne av skytevåpen kvar dag – hittil i år

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av helga blei 30 menneske drepne i to masseskytingar i USA, i Dayton og El Paso.

Etter at talet på masseskytingar gjekk ned i både 2017 og 2018, ligg landet an til ein ny auke. Det viser tal frå organisasjonen The Gun Violence Archive.

Organisasjonen definerer masseskyting som ein episode der minst fire personar har blitt skotne.

O’Rourke: – Auke i hatkriminalitet

Beto O’Rourke frå Texas er presidentkandidat for demokratane. Foto: crockodile, CC-BY-2.0-lisens

Beto O’Rourke, som stiller som presidentkandidat for demokratane, gjekk ut i media og sa at skyteepisoden i El Paso kan vera knytt til retorikken som president Donald Trump har brukt om innvandrarar.

– Me har hatt ein auke i hatkriminalitet kvar einaste dag av dei tre åra med denne administrasjonen der me har hatt ein president som har kalla meksikanarar for valdtektsmenn og kriminelle, sjølv om meksikanske immigrantar står for langt mindre kriminalitet enn dei som er fødde her i landet, sa han, ifølgje CNN.

Massedrapsmannen i El Paso la ut eit høgreekstremt manifest rett før han gjekk ut og tok livet av 20 personar.

LES OGSÅ: Forskarar slår alarm om skuleskytingar

Mange unge er drepne

Totalt har det vore 33190 skyteepisodar i USA så langt i 2019. Per måndag morgon er det 17449 skadde etter skyteepisodar i USA så langt i år.

396 barn under 12 år år er drepne eller skadde av skytevåpen og 1811 ungdommar mellom 12 og 17 år er skotne.

LES OGSÅ: No kan skulebibliotekarar bera skytevåpen på jobb i Florida