300 tilsette har opplevd seksuell trakassering på universiteta og høgskulane
Nesten 300 tilsette ved universiteta og høgskulane opplyser at dei har opplevd seksuell trakassering på jobb, viser ei ny kartlegging.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er heilt uakseptabelt og viser tydeleg kor viktig det er at universitet og høgskular må gjere endå meir for å kjempe mot trakassering, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.
Det vart i vår gjennomført ei nasjonal undersøking blant tilsette på universitet og høgskular i Noreg for å kartlegge omfang og frekvens av mobbing, trakassering og seksuell trakassering på arbeidsplassen.
LES OGSÅ: Undersøking: 13.500 studentar har opplevd seksuell trakassering
– 18 seksuelle overgrep
I undersøkinga kjem det fram 18 tilfelle av seksuelle overgrep i samband med arbeidsforholdet til respondentane dei siste tolv månadene. 35 respondentar svarar veit ikkje/usikker, noko som indikerer at dei har vorte utsette for ei hending som dei ikkje veit om passar til skildringa i spørjeskjemaet.
På landsplan er det 299 personar som oppgir å ha vorte utsette for seksuell trakassering i det noverande arbeidsforholdet sitt det siste året.
Beklagar sterkt
– Funna er svært alvorlege, aller mest for dei som er ramma, og vi beklagar sterkt at tilsette har vorte utsette for mobbing, trakassering og seksuell trakassering. Funna er òg alvorlege for arbeidsfellesskapet. Det forpliktar oss til å halde fram arbeidet med haldningar, kultur og etikk på vår eigen arbeidsplass, seier Dag Rune Olsen, styreleiar for Universitets- og høgskulerådet.
Kartlegginga har vorte gjort på initiativ frå Universitetet i Agder, Universitetet i Oslo og Kunsthøgskolen i Oslo. Alle høgskular og universitet i Noreg vart inviterte til å vere med på kartlegginga og 26 institusjonar svarte ja. 17.984 personar har svart på kartlegginga og det gir ein svarfrekvens på 43 prosent.
LES OGSÅ: 14-åringar tok metoo-utfordringar i skulen til Stortinget