ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN YS meiner det er behov for fleire tiltak mot seksuell trakassering
Metoo-rørsla er nominert til fredsprisen. Foto: Pixabay

YS meiner det er behov for fleire tiltak mot seksuell trakassering

Eitt år etter Metoo-kampanjen melder YS at det framleis skjer alvorleg trakassering på norske arbeidsplassar. No etterlyser forbundet fleire tiltak.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Seinast denne veka har vi hjelpt eit medlem i ei alvorleg trakasseringssak. Trass i mykje merksemd det siste året, ser vi at det framleis finst uakseptable hendingar, seier leiar Monica A. Paulsen i YS-forbundet Negotia.

Forbundet meiner at det er behov for å sette i verk fleire og enkle tiltak ved norske arbeidsplassar.

Les også: Studentar skal få betre vern mot trakassering

Nye rutinar og retningslinjer

YS foreslår blant anna å innføre samtale om mobbing og trakassering som obligatorisk tema på jobbintervju og medarbeidarsamtalar. Vidare blir det foreslått eit eige sjekkpunkt ved alle nytilsettingar, der bedrifter må opplyse om at dei har nulltoleranse mot trakassering. Tanken er at ein i større grad konkretiserer uønskt oppførsel overfor tilsette.

– Mykje førebyggingsarbeid handlar om bevisstgjering. Deretter handlar det om å ha etablert gode etiske retningslinjer og rutinar for handtering av slike episodar, seier Paulsen.

Les også: Vassendgutane treng eit motsvar til Metoo-låta si

Kommentarar

ANNONSE