Mange vil “huse” minihuset til Sigurd

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det viser at det er ein marknad for det. Eg har inntrykk av at det er ei gjestfriheit blant folk, som er ubrukt, seier Sigurd Randby (19).

Randby lurer på kva han vil synast om huset sitt etter fem år med arkitektstudie i Trondheim. Foto: Privat

Eit sjølvbygd minihus på hjul og tilbud om heidundrande dugnadsånd slo godt an i Trønderhovudstaden.

Ei Facebookannonse der han spurte etter gratis tomt til det 15m2 store trekkehuset sitt der skal han bu i studietida i Trondheim, fekk tusenvis av likes og reaksjonar, kommentarar og delingar, og omtale i fleire store aviser.

Det har resultert i at Sigurd Randby har fått tilbod om 23 forskjellige stader å ha minihuset sitt ståande i Trondheim. Hausten som ny student byrjar dermed med ein grundig visningsrunde.

Les også: Fleire tusen studentar i bustadkø: – Heilt håplaust å ikkje vite kor ein skal bu

 Sette seg mål om å vere ferdigbygd i løpet av vidaregåande

Han er inspirert av Tiny House-kulturen i USA, der det handlar om å bu enkelt og miljøvenleg. Han bestemte seg for å bygge sitt eige minihus, og å vere ferdigbygd innan han hadde fullført vidaregåande. Det har han nesten klart.

I september skal huset til Sigurd trekkast opp til Trondheim. Huset vart kontrollvege hausten 2017, og må vere innanfor vegtrafikklovens grense på 3,5 tonn. Foto: Privat

Den økonomiske biten er vel gjennomtenkt. Han har tatt opp lån frå foreldra og rekna ut at huset skal vere ferdig nedbetalt med hjelp av studiestipendet innan han er ferdig utdanna arkitekt. Budsjettet på dei 15,3 kvadratmetrane er på 250.000.

Det er mogleg å bygge Tiny House med ganske låg standard, utan innlagt vatn og straum, såkalla «offgrid». Da bruker ein til dømes solcellepanel og hentar vatn sjølv.

Kan ha høgare standard enn studenthybel

Men Randby ønska å ha det godt og varmt, ha straum og innlagt vatn, med ein komfort som om han budde i eit vanleg hus.

Sigurd har hatt mykje god hjelp av snikkar Kjell Ove Engerdahl undervegs. Foto: Privat

Difor har han hatt profesjonell hjelp frå både snikkar, blikkenslagar, sveisar og elektrikar undervegs.

Vatn skal koplast på via eit hageslangetilløp med isolasjon og varmekabel i, og straum skal koplast på.

– Eg trur i enkelte tilfelle at det kan ha høgare standard enn ein vanleg studenthybel. Og ein treng ikkje å gjere så mange tilpassingar trur eg, for å bu i minihus.

Ein kan berre ikkje ha full familie, det er det einaste. Da trur eg i så fall ein må ha eit minihusborettslag, seier Randby.

Ei tidleg modellteikning av interiøret. Foto: Privat

Les også: Line har budd i båt sidan ho var 19: – Som å vere på ferie kvar dag

Har inspirert mange

Det er ikkje mange andre som har gjort det same før han i Noreg. Sjølv har han henta mykje informasjon og praktiske råd frå eit norsk par som bygde seg eit minihus for nokre år tilbake. Bloggen til Sarah og Matias.

Etter all merksemda har mange vorte inspirerte og tatt kontakt med Randby for å få tips til korleis ein kan gå fram for å bygge eit minihus på hjul.

– Eg synest det er veldig gøy. All merksemda gjer fleire bevisste på at det er mogleg. Men og reint for min eigen del, at det er fleire som kan hjelpe meg med prosjektet.

Les også frå da Sarah og Matias bygde huset sitt: Hus på hjul?

For studentar flest?

– Mange studentar står i bustadkø no i august, og mange må betale dyrt for å bu, spesielt i dei store byane. Er dette ei løysing for «studentar flest», eller folk flest?

– Eg veit ikkje korleis det vil bli å bu sånn, for eg har jo aldri budd i eit Tinyhouse før. Så eg veit ikkje om det er ein grunn til at så få andre gjer det her til lands.

Han trur likevel ikkje det er stort annleis enn å bu i ein vanleg heim.

– Eg trur det er som å bu i eit vanleg hus, berre med mindre plass. Målet er å ha same komfort som på ein vanleg hybel eller i eit vanleg hus.

I vår vart huset trekt inn i verkstaden igjen, og Sigurd folierte veggane med 3M-vinyl. Foto: Privat

Randby har planlagt å ha både seng, sofa med underhaldningsmoglegheiter, varmvatn, komfyr, kjøleskap og forbrenningstoalett.

– Men om fleire hadde tenkt alternativt som eg gjer no, så finn ein ganske raskt fram til andre løysingar, og ville fylt opp byen på ein annan måte, seier han.

Les også: Ho er blant dei første med minihus i Europa

Artig med prosjektarbeid

Da han baud på dugnadsånd, fekk han mange forskjellige forslag.

– Mange har vore interesserte i barnepass. Medan det er andre som ikkje treng hjelp, men som synest at prosjektet er gøy, seier han.

Ei ganske korrekt skisse av interiøret, som det er planlagt. Foto: Privat

Den økonomiske biten har vore viktig. Men òg heile prosessen, der han har fått råd, lært nye ting og prøvd og feila undervegs. At han sette igang, har han ikkje angra på.

– Eg synest prosjektet har vore utruleg gøy. Eg synest prosjektarbeid har vore veldig morosamt. Så kan ein kjenne på at «det her har eg bygd sjølv». Ein får eit eigarskap til bygningen.

Kor lett er det eigentleg å skaffe ein stad å sette eit sånt hus?

– Det er iallfall 22 plassar ledige i Trondheim dersom nokon er interessert, ler Randby.

Les også: Nysgjerrig på å bygge trekkehus? Her er sju gode tips