Noreg manglar over 13.200 studentbustadar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg manglar over 13.200 studentbustadar

Nær 89.000 personar blei tilbode studieplass under opptaket i år, som blei kunngjort tidlegare denne månaden.

Av desse har rundt 14,5 prosent tilgang på studentbustad, ifølgje ei ny undersøking frå Norsk studentorganisasjon (NSO), landets største interesseorganisasjon for studentar.

Dermed står att det å byggje over 13.200 bustader for å nå målet om at det skal vere nok studentbustader til å huse 20 prosent av studentmassen, ifølgje organisasjonen.

– Trygge sosiale og økonomiske rammer er viktige for kvardagen til studentane. Når bustad og økonomi blir så store stressfaktorar som dei er i dag, går det ut over tida vi har til å studere, seier NSO-leder Therese Eia Lerøen.

LES OGSÅ: Rekordmange nye studentbustadar

15.000 i kø i fjor
I fjor stod 15.000 i kø for studentbustad, medan køtalet for i år først blir lagt fram i august.

– Dei høge køtala frå i fjor skildra ein kritisk situasjon blant studentar. Regjeringa har tatt steg i rett retning, men det er framleis ein lang veg å gå, seier Lerøen.

Studentbustadene blir bygde av studentsamskipnadene og er eit spleiselag mellom staten og studentane.

Regjeringa sette i revidert nasjonalbudsjett tidlegare i år av pengar til ytterlegare 200 nye studentbustader. Dermed kom den totale mengda opp i 2.200 i året. NSO krev likevel at det skal byggjast 3.000 studentbustader årleg.

Lågast i Østfold
Det er studentsamskipnaden i Østfold som i år har lågast dekningsgrad, med rundt 9,4 prosent, ifølgje undersøkinga.

Stavanger har rundt 14 prosent dekning, medan Bergen og Trondheim har høvesvis om lag 12,9 og 14,9. Norges Arktiske studentsamskipnad i Tromsø har nok bustader til å huse 23,1 prosent.

Undersøkinga viser også at tilgangen på studentbustader ikkje har endra seg mykje dei siste åra. Sidan 2009 har i overkant av 13 prosent og i underkant av 15 prosent av studentane hatt tilgang på studentbustad.

Då NSOs studentbustadundersøking først kom i 1991, var prosenttalet med tilgang til studentbustad, på sitt høgste: 17,3 prosent.

Manglar 4.660 bustader
I hovudstaden manglar det framleis 4.660 studentbustader for å nå målet om å huse 20 prosent av studentane der, ifølgje NSO.

Tysdag skreiv Dagsavisen at 3.865 studentar står i kø for å få bustad i hovudstaden. Det viser nye tal frå Studentsamskipnaden i Oslo (SiO).

– Sjølv om det blir bygd 2.000 nye bustader i året, held det ikkje tritt med veksten i studenttalet. Det er særleg ei utfordring når auka internasjonalisering fører til at stadig fleire vel å studere i Noreg, seier direktør Trond Bakke i SiO Bolig til avisa.

Han meiner studentar i bustadkø bidrar til å drive opp prisene i den private leigemarknaden.

– Å byggje ei tilstrekkeleg mengd bustadar kan leggje ein dempar på prisveksten i privatmarknaden i dei mest sentrale stroka, seier Bakke til avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Elevane må helgependla