Nesten 10.000 studentar ventar på stad å bu

– Skremmande, meiner Norsk studentorganisasjon.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trass i at faddervekene er over og studia har starta rundt om i landet, er det likevel 9649 studentar som står på venteliste for å få studentbustad.

Det er Norsk studentorganisasjon (NSO) som har henta inn tala frå studentsamskipnadane i landet. På same tid i fjor var det 8352 studentar som venta på studentbustad.

– Det er skremmande at nesten 10.000 studentar framleis er usikre på kvar dei skal bu to veker etter studia deira har starta, seier Mats Johanssen Beldo, leiar av Norsk studentorganisasjon, i ei pressemelding.

Han meiner studentane burde få konsentrere seg om undervisinga, og ikkje om bustadjakta.

Krev 3000 nye bustader

Køtala viser at behovet for studentbustader framleis er stort, trass i at regjeringa har løyva tilskot til rekordmange bustader. Det er varsla ein gjennomgang av tilskotet til studentbustader, og dette er NSO glade for. Dei meiner at det statlege tilskotet skal vere på 50 prosent, og at vertskommunane kan bidra til fortgang i bygginga ved raskare saksbehandling og ved å gjere fleire tomter tilgjengelege.

– Vi fryktar at det er studentar som droppar ut av studia fordi dei ikkje finn ein stad å bu som dei har råd til å betale for. Studentane i Noreg forventar at regjeringa held fram satsinga og at det i statsbudsjettet til hausten kjem 3000 nye studentbustader, seier Beldo.

Lange køar

Ifølgje tala NSO har henta inn, er det berre Studentsamskipnaden i Indre Finnmark som har greidd å huse alle studentane. I Oslo og Akershus står 5328 på venteliste, medan tala har bikka 1000 både i Søraust-Noreg og ved Noregs arktiske med høvesvis 1002 og 1235 studentar i kø.

Studentsamskipnaden Vestlandet har 480 studentar som ventar på bustad, medan talet i Volda er 62.

Sjå heile lista her:

Kjelde: NSO