Noreg best i Norden på å få flyktningkvinner i arbeid

Noreg har lukkast langt betre enn Danmark og Sverige med å inkludere flyktningkvinner og flyktningar med låg utdanning i arbeidslivet, viser ein ny rapport.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I rapporten «Nordic integration and settlement policies for refugees» , som Nordisk ministerråd står bak, har forskarar frå alle dei nordiske landa tatt for seg utviklinga for flyktningar og familiemedlemmene deira som har deltatt i dei ulike introduksjonsprogramma i landa. Tala omfattar 250.000 personar i perioden 2008 til 2016.

LES OGSÅ: – Fem integreringstiltak som fungerer

Best på sysselsetjing

– Det viktigaste funnet frå eit norsk perspektiv er at Noreg lykkast godt med å få flyktningkvinner og flyktningar med låg utdanning ut i jobb, samanlikna med Sverige og Danmark, seier forskar og medforfattar Kristian Rose Tronstad ved Oslo Met til FriFagbevegelse.

Ifølgje rapporten er Danmark flinkast til å få flyktningar raskt ut i arbeid, men over tid har Noreg ein betre sysselsetjingsrate enn både Sverige og særleg Danmark. Gapet mellom kvinner og menn som deltar i arbeidslivet, er òg langt lågare her enn i dei andre nordiske landa.

Men sjølv om Noreg er best i klassen, betyr ikkje det at resultata er veldig gode, understrekar Tronstad.

LES OGSÅ: NTNU-forskar vil ha integreringsprosjekt for ungdom i alle kommunar

– Rom for betring

– Vi kan ikkje slå oss på brystet og seie at vi lykkast. Det er framleis eit stort betringspotensial. Integreringa går ikkje så det suser, seier han.

I fjor deltok over 27.000 flyktningar og asylsøkarar i introduksjonsprogramma, ifølgje tal frå SSB og Imdi. Av dei 8.300 som var ferdige i fjor, gjekk 55 prosent vidare ut i arbeid eller utdanning. Mellom 60 og 70 prosent er i arbeid eller utdanning eitt til fem år etter at dei var ferdige med introduksjonsprogrammet.

LES OGSÅ: – Visste du at det å ta imot flyktningar også kan løne seg økonomisk?

Egyptiske Mohamed Salah er ikkje flyktning, men får æra for å ha bidrege til å halvera muslimhatet i den britiske byen Liverpool. Her vert han hylla etter at laget vann Champions League i år. Foto: Eric The Fish, Wikipedia