Regjeringa styrkjer praktiske og estetiske fag
Praktiske og estetiske fag og arbeidsformene skal styrkjast både i barnehage, skule og i lærarutdanninga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det kjem fram i ein ny strategi som regjeringa no legg fram. Strategien har tittelen «Skaperglede, engasjement og utforskerstrang – Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning».
– Vi vil leggja til rette for meir praktisk læring i faga musikk, kunst og handverk, kroppsøving og mat og helse. Vi vil stimulera til kreative arbeidsformer, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).
Regjeringa ønskjer også å styrkja den faglege kompetansen til lærarane i dei praktisk estetiske faga. I den samanhengen skal det mellom anna opprettast ei ny masterutdanning for folk som vil bli lærarar i desse faga.
Også barnehagelærarar skal få utvida kompetansen sin innan desse faga.
- Les også reaksjonane på regjeringa sitt forslag om å fjerna song frå norskfaget: – Det blir kaldt i skulen utan songen, seier musikkprofessor Jon-Roar Bjørkvold
Samarbeid med kulturskulen og meir fysisk aktivitet
For å styrkja dei praktisk estetiske faga, ønskjer regjeringa også å leggja til rette for betre samarbeid mellom kulturskulen og skulen. Det blir mellom anna peikt på at 85 prosent av dei som underviser ved kulturskulen, er tilsette i deltidsstillingar. No oppmodar Sanner kommunane til å sjå tilsetjing i skulen og kulturskulen i samanheng.
Regjeringa ønskjer også å stimulera til meir fysisk aktivitet i skulen gjennom ei eiga satsing.
– Mange barn og unge bevegar seg for lite, samtidig som fysisk aktivitet er bra for både helse og læring. Dei nye læreplanane legg til rette for at meir fysisk aktivitet kan blir ein naturleg del av skulekvardagen utan at det går ut over metodefridomen til lærarane, seier Sanner.