Ei regjering på blå-bærtur i integreringspolitikken

Kristina Mari Roald, Ålesund Arbeidarparti
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi har ei Høgre og FrP-regjering som etter seks år i posisjon, seks år med protestar og misnøye blant befolkninga, no har toppa kransekaka med eit forslag som betre enn noko anna viser «vi-dei» mentaliteten som ligg bak politikken deira. Dei lyttar ikkje til 40 000 streikande ungdom som set krav til miljøtiltak, dei lyttar ikkje til vanlege arbeidsfolk då dei streika mot endringane i arbeidsmiljøloven, og no lyttar dei ikkje til fornuft.

Nyleg vart det kjent at statsminister Erna Solberg vil kutte i sosialhjelpa til dei innvandrarane som ikkje følgjer opp krava til norskopplæringa gjennom introduksjonsprogrammet.

Men for det fyrste, Erna, korleis ser du for deg at innvandrarane skal få skikkeleg norskopplæring då de kutta i norskopplæringa frå 250 til 175 timer i 2015? Og kva er det du eigentleg reknar som å vere «god nok i norsk»?

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) seier sjølv i sin rapport at «innvandrarar som snakkar og skriv norsk utan feil i grammatikk og setningsoppbygging, men som har sterk aksent, kan bli vurdert som ikkje gode nok i norsk».

Kva er det du eigentleg reknar som å vere «god nok i norsk»?

For det andre: Om du verkeleg vil at innvandrarane skal lære seg norsk, ville de i regjeringa følgje det introduksjonslovens tredje paragraf, fjerde ledd, seier: «fastsetje nærmare retningslinjer om kommuna sitt ansvar» – derav norskopplæringa, som i dag spriker mellom 2-30 timar i veka.

I årets statsbudsjett auka de tilskot for kompetansesatsing for lærarane i norskundervisninga, men kva hjelper dette når fleire kommuner underviser i 6 timer norsk og rapporterar inn 37,5 timar? Og når det er så mange som går gjennom introduksjonsprogrammet utan å lære seg skikkeleg norsk er det kanskje eit teikn på at det er noko gale med systemet heller enn eleven.

Men korleis skal kommunane ha råd til å styrke oppfylgjinga når du, Erna, saman med Siv, gir skattekutt til dei aller rikaste heller enn å leggje pengane der dei skal vere? Til kommunane, til folket.

Dersom innvandrarane skal bli integrert må du satse på å skape arbeidsplassar og styrke norskopplæringa. Ikkje true med å ta frå dei sosialhjelpa.

 Eit teikn på at det er noko gale med systemet heller enn eleven

I motsetning til regjeringa, veit vi i Arbeidarpartiet at integrering og innvandring høyrer saman.

Vi skal sørgje for at me tek imot fleire kvoteflyktningar og integrerer dei godt når når dei kjem hit, samstundes som vi vil gi 5 milliarder kroner meir til å hjelpe flyktningar i nærområdene. Det er fordi me ser at menneske på flukt sit fast i flyktningleirar i nærområda. Når Frp og Høgre kuttar i norskopplæringa, skal me styrke opplæringa over heile landet og gi alle ein trygg jobb og gå til.

Og til slutt Erna, om du på noko nivå ynskjer at innvandrarane skal føle seg velkomne til det fantastiske landet vårt, må du gi slipp på den polariserende hatretorikken til FrP og prøve ut noko vi i Arbeiderpartiet står fast med: solidaritet med flyktningene og god gamaldags sunn fornuft.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no