«Korleis møter ein tiggarar med den respekten eit menneske fortener?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg klarar ikkje å kose meg i Oslo sentrum.

Tidlegare i år budde eg to månadar i Oslo. Eg tenkte eg kom til å bli «van» til alle tiggarane i sentrum, dei prostituerte, alle med sovepose, kopp og uendeleg slitne blikk. Men eg vart ikkje van.

Frykta for bakmenna

Eg puttar aldri pengar i koppane, fordi eg er redd det finst bakmenn og at pengane mine er med på å oppretthalde ein vond sirkel av utnytting, menneskesmugling og organisert kriminalitet der dei som ofrar mest sit igjen med minst.

Eg føler meg så overlegen, overprivilegert

Eg gjev mykje heller pengar til organisasjonar som hjelper dei som har hamna utanfor, men det hjelper ingenting på den kjensla det er å gå forbi. Eg går forbi, forbi dei som sit med bøygd nakke, dei som tiggar, ristar. Eg føler meg så overlegen, overprivilegert. Og eg hatar det.

«Stakkars deg og stakkars meg»

Eg møter ofte blikket deira og nikkar «hei», tenkjer at det er betre enn ingenting. Men kven er eg då? Ei som ser og møter elenda, men berre går vidare?

Hei, her er eg, ho som nikkar og smilar litt for å liksom seie «hei eg ser deg og bryr meg», men eigentleg kanskje berre utstrålar «stakkars deg og stakkars meg som må sjå stakkars deg».

Hei, her er eg, ho som har pengar til dobbel cappuccino og nye jeans, men ikkje til ein tjuekroning til deg og bikkja di som deler på eit holete fleecepledd og ei flaske vatn.

Hei, her er eg, ho som er fødd inn i rikdom og privilegium, men likevel ikkje vil avsjå ei krone.

Slik kjenner eg meg når eg går opp Karl Johan – roten.

Me kan ikkje forby alt

Det hadde vore lettare om eg slapp å sjå dei, om det var ulovleg. Eg hadde sloppe å få dårleg samvit, kjenne ubehag og føle at eg gjer noko gale. Kan eg ikkje få gå ned Karl Johan utan å måtte skamme meg?

Nei, eg kan jo ikkje det. Me kan ikkje gøyme vekk folka me ikkje veit korleis me kan hjelpe, leggje lok på diskusjonane som ikkje har ein fasit. Me kan ikkje forby alt som er vanskeleg å forhalde seg til.

Eg trur me heller burde ha fleire eg.

Sjå dei me snakkar om

Kanskje dei skulle fått tildelt kvar sitt faste hjørne på Karl Johan; tiggarane på det første, dei 17 år gamle gutane me snart sender tilbake til krigsherja Afghanistan på det andre, ME-pasientar på tredje, gamle og sjuke på fjerde, barn som lever under fattigdomsgrensa på femte.

Dei me snakkar om på papiret og i debattseksjonane, men helst vil sleppe å møte ansikt til ansikt. Alle grupper me gøymer og gløymer fordi det er lettare å drikke cappuccino og kjøpe nye jeans uforstyrra, utan å måtte ta stilling til dei enorme forskjellane det er blant nordmenn.

Kven hugsar å tenkje på dei me ikkje ser?

Skattekista «velferdsstaten»

Me har velferdsordningar i Norge. Fell du utanfor samfunnet vert du plukka opp av NAV, du får uføretrygd, bustøtte, tilskot.

Men ein del av tiggarproblematikken er kanskje at mange av dei ikkje er norske og ikkje får lov å bli norske.

Dei oppfyller ikkje krava til å få nøkkelen til skattekista det står «velferdsstaten» på.

Får du ikkje opphald er kanskje blomsterkassane i betong langs Karl Johan det einaste du har å støtte deg på.

 

Likevel høyrer eg «Lykkejeger». Er det verkeleg det dei er?

Ansikta til dei eg går forbi utanfor Oslo S lyser ikkje lykke og «yes, endeleg klarte eg det».

Eg vil definere meg sjølv som lykkejeger

Eg vil definere meg sjølv som lykkejeger. Eg jaktar på lykka når eg søker opptak på fag eg har lyst å lære meg, når eg reiser på ferie med vennane mine, når eg googlar «kulaste badeplassen i Oslo» og når eg prioriterer fest framfor ekstravakter.

Eg jaktar og eg finn, fordi er eg overprivilegert. Kva lykke jaktar dei på dei som sit på asfalten i Oslo med koppen framfor seg?

 

//

Heldigvis, seier eg. Heldigvis var ikkje to månadar nok til å bli immun. Det skal gjere vondt i magen å gå forbi menneske som sit heile dagen med bøyg hovud og vert oversett. Det er eit sunnheitsteikn at me rynkar på nasen når det er så stor forskjell på folk, opphaldsløyve eller ikkje.

 

Til slutt må me spørje oss sjølv det same spørsmålet som alltid: kor langt unna må dei som lid vere for at me skal bry oss?

 

Karl Johan er nære nok for meg.

 

Kva meiner du? Korleis møter ein tiggarar med den respekten eit menneske fortener?