Desse elevane vil byte seg til godt klimasamvit
– Det er mykje kjekkare å kjøpa brukt, seier Astrid Jordåen. Onsdag er det bytedag på Stord vidaregåande skule.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Fleirtalet meiner ein må gjera noko med forbruket sitt, men ikkje like mange gjer noko med det, seier Astrid Jordåen.
Det er Berekraftveker på Stord, og Framtida.no og ei gruppe førsteklassingar har spurt elevane på Stord vidaregåande skule om kva dei kan tenkja seg å gjera for eit meir berekraftig forbruk. Ein stor del elevar seier dei vil kutta ut unødvendige kjøp.
16 år gamle Marius Hammersland Loureiro kan fortelje at han nettopp basshøgtalarar brukt.
– Dei funka veldig bra, og kosta berre 150 kroner.
Billeg og brukt
Astrid Jordåen kjenner ikkje så mange som kjøper brukte klede, men er bestemt på at fleire burde gjera nettopp det. Saman med Frida Viktoria Tveitnes Moe var ho på Bruktbutikken på Heiane nyleg.
– Det er masse fint du kan få utruleg billeg. Me var der i fleire timar. Det var kjempestort, med mange fine klede, og dei hadde sjukt mange fine øyredoppar.
Tuva Skare Jørgensen meiner fleire ungdommar bør seia ja til å arva klede eller å kjøpa brukt – og ikkje kjøpa unødvendige ting.
– Eg bruker ein app som heiter Tise, der det går an å kjøpa brukt. Der er det mykje bra.
Les også: Natur og Ungdom: – Vi skal gjere det langvarig og vanskeleg
Arrangerer bytedag
Onsdag er det bytedag på Stord vidaregåande. Benjamin Kaldestadbakken (18) og Vilde-Oline Andersen Risnes (19) i klassen for utvikling og meistring held styr på alle kleda.
– Det er mange fine klede her, seier Vilde-Oline Andersen Risnes. Kleda sel dei for ti kroner stykket, og overskotet går til å gi skulegang til born og unge i vennskapsbyen i Comalapa i Guatemala.