Studentar kvir seg for å vera opent kristne

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei undersøking frå den kristne studentorganisasjonen viser at tre av fire studentar ikkje snakkar om trua si med mindre dei blir spurt direkte.

Under den kristne ungdomsfestivalen UL (Ung Landsmøte) i sommar heldt difor Laget eit seminar som skulle førebu kristne studentar på aggressive haldningar frå medstudentar og lærarar, skriv avisa Dagen.

Generalsekretær Karl-Johan Kjøde i Laget fortel om studentar som har opplevd til dels aggressive eller latterleggjerande haldningar om den kristne trua deira. Det har komme både frå lærarar og medstudentar.

– Inntrykket mitt er at mange kristne studentar får ei aha-oppleving tidleg i studiet, kanskje allereie første førelesing. Dei kan til dømes oppleva at førelesaren snakkar nedsetjande om trua deira, seier Kjøde til Khrono.