Ber KRIK opna for leiarar med likekjønna partnar

– Det er trist at gruppa landar på det tradisjonelle synet, seier AP-politikar Kai Steffen Østensen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg håpar KRIK snur. Organisasjonen vil opplevast som endå meir open om fleire får vere ein del av han, seier Kai Steffen Østensen til NRK.no.

24-åringen, som er sjettekandidat på fylkeslista til Agder Arbeidarparti ved haustens kommuneval, reagerer på at ungdomsorganisasjonen KRIK (Kristen Idrettskontakt) ikkje opnar opp for homofile leiarar.

 «Guds gode ordning»

Østensen ber den kristne ungdomsorganisasjonen opne opp for to samlivssyn, på same måte som Den norske kyrkja har gjort.

I dag vert det understreka i organisasjonens spelereglar at: «Det er ekteskapet mellom mann og kvinne som er Guds gode ordning for samliv».

I går meldte NRK Sørlandet at ei referansegruppe anbefalte ungdomsorganisasjonen å forby personar med homofile partnarar å bli leiarar.

Til hausten skal KRIK-styret handsama saka om personar som lever saman med personar av same kjønn kan vere leiarar i organisasjonen.

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm ber KRIK vera medvitne på kva signal dei sender ut til medlemmane sine. Foto: Likestillings- og diskrimineringsombodet

Likestillings- og diskrimineringsombudet: – Altfor mange triste historier

Østensen håpar at KRIK snur i saka. Han får støtte av likestillings- og diskrimineringsombud Hanne Bjurstrøm.

– Me har diverre altfor mange triste og tragiske historier om folk som har blitt støtt ut av både trussamfunn og religiøse organisasjonar på grunn av si seksuelle orientering, seier Bjurstrøm NRK.no

Ho understrekar at KRIK, som er ein viktig og stor organisasjon for barn og unge, må vera veldig medvitne på kva signal dei sender ut.

Les også om livet som skeiv på Sørlandet: I Noregs minst likestilte landsdel melder eit urovekkjande høgt tal bifile, lesbiske, homofile og transpersonar om psykiske helseplager.

KRIK: – Det engasjerer folk

– Det er ikke vår oppgave og rolle å ta disse store debattane, seier generalsekretær i KRIK, Silje Kvamme Bjørndal, til NRK.

Ho opplever ikkje at saka splittar organisasjonen, men at det engasjerer.

Rebekka Sirevåg Thomassen

«Størst av alt er kjærligheten» står tatovert på Rebekkas overarm. Det begynte som ei greie ho, systera og mora skulle gjere saman. «Fordi me er tre ulike menneske, med tre forskjellige måtar å leve livet på, tre ulike syn på tru, politikk og så vidare. Men uansett er kjærleiken størst. Det hjelper jo at det er eit kjent sitat frå Bibelen sjølvsagt, men det er eit bodskap alle kan ta til seg,» forklarer Rebekka.