Ung politikar: Elise (18) frå Ørsta Arbeidarparti

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å engasjere seg politisk lokalt, spesielt i lokalvalet, gjer at du får ei unik moglegheit til å gjere noko med det du møter i kvardagen, skriv Elise Stokken (18) til Framtida.no.

18-åringen står på tredjeplass på lista til Ørsta Arbeidarparti.

Ho er ei av dei rekordmange unge som står på liste framfor haustens kommuneval.

– Politikken verkar veldig fjern

– Det er mange unge som tenkjer at politikk ikkje er noko som påverkar dei og at det ikkje er noko meining i å engasjere seg. Ofte fordi politikken verkar veldig fjern, meiner 18-åringen frå Ørsta.

Men noko er i endring. NRK skreiv denne månaden at 20 prosent av alle toppkandidatane på vallistene er under 40 år – ein del så høg at den overraska sjølv valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning.

Samstundes trur Bergh at fleire unge på liste, kan føre til at fleire unge også går til valurnene i september.

Elise Stokken (til venstre) og AUF-venninna Kristina Mari Roald på togreise i sommar. Foto: Privat

Samfunnsfag for ungdomsskuleelevar

Stokken meiner det er viktig at politikarar prioriterer å snakka med unge veljarar, men også dei som ikkje har røysterett enno.

Vidaregåandeeleven har difor sett av tid i valkampen til å hjelpe dei gamle lærarane på ungdomsskulen sin med samfunnsfagundervisinga.

Når skulen startar til hausten skal 18-åringen snakke med elevane om det å engasjere seg og om val, men understrekar at det sjølvsagtskal skje frå ein partipolitisk uavhengig ståstad.

– At du ikkje kan røyste, tyder ikkje at du ikkje kan engasjere deg, understrekar ho.

– Kan ikkje berre krysse fingrane

Arbeidarpartipolitikaren meiner det er tallause grunnar til å engasjere seg.

– Kvar sak du brenn for, kvar urett du ser og kvar einaste innbyggar er ein grunn i seg sjølv, skriv Stokken, som likevel trekk fram tre hovudgrunnar:

Ho storkosar seg med jobben ho gjer politisk, ho vil gje barn og unge i kommunen den beste oppveksten dei kan få og ta vare på planeten for generasjonane som skal kome etter oss.

– Eg kan ikkje berre krysse fingrane og håpe på at det skjer av seg sjølv – difor engasjerer eg meg.

Sunnmørskommunen Ørsta er kjent for majestetiske fjell og møbelindustri. Foto: Medhus/Flickr (CC BY 2.0)

Hardarde vêr og stigande hav

Stokken stiller til val i industrikommunen Ørsta på Sunnmøre, som òg husar Ivar Aasen-tunet.

Kommunen har litt under 11 000 innbyggjarar og Stokken skildrar han som «ein livleg kommune med gode skular, godt kulturtilbod og fjell på alle kantar med unntak av der fjorden kjem inn».

– Kva er den største klimautfordringa i din heimkommune?

– Som ein kommune rik på natur og med høge fjell ligg mykje av klimaproblematikken i at ein får eit hardare vêr. Dette kan vere gjørmeskred, snøskred, kraftig nedbør, fare for skogbrann ved tørke og så vidare. Ørsta ligg også ved ein fjord og har bygg nære sjøkanten som kan stå i fare for overfløyming når havet stig.

– Må ta grep på alle plan

Som lokalpolitikar vil ho jobbe for at kommunen skal ta klimavennlege val både som arbeidsgjevar og som forbrukar.

Ho dreg fram døme som: miljøvenlege bilar i kommunal drift, redusere bruken av elektrisitet og plast, ta miljøomsyn i anboda, utvikle gode gang- og sykkelvegar og leggje til rette for at innbyggarane lett skal kunne ta grøne val.

– Klimakrisa er den største utfordringa vi står ovanfor i dag, og ein må ta grep på alle plan, understrekar Stokken.

Les også: Ann-Christine er 24 år og politisk nestleiar i Pensjonistpartiet på Askøy

Ann-Christine Mikkelsen. Foto: Privat

Elise Stokken

Alder: 18

Yrke: sjølvforsvarsinstruktør, elev, butikkmedarbeidar

Parti: Arbeidarpartiet

Kommune: Ørsta, Møre og Romsdal