Lokalt veto mot vindkraft blir tatt opp i Stortinget

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi vil legge fram forslag i Stortinget om at konsesjon ikkje kan bli gitt i strid med kommunestyrevedtak. Kommunane må få vetorett. Vi kan ikkje pålegge nokon å bygge vindmøllar der det ikkje er lokal aksept for det, seier Borch til NTB.

Ho viser til at fleire store vindkraftutbyggingar har skapt lokal motstand, og meiner det er viktig for framtidige vindkraftutbyggingar at dei er i tråd med lokale ønske.

– Vi ser at det ofte kan vere interessekonflikt mellom vindkraft og naturinteresser. For Sp er det derfor viktig at utbyggingar er i tråd med lokale ønske og vedtak, seier Troms-politikaren frå energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Sjølve forslaget Sp no fremmar, lyder «Stortinget ber regjeringa sikre at vedtak om utbygging av vindkraft er i tråd med lokale ønsker og kommunestyrevedtak. Konsesjon kan ikkje givast i strid med kommunestyrevedtak.»

Senterpartiets Sandra Borch vil ha lokal vetorett mot utbygging av vindkraft. Arkivfoto: Ole Martin Wold / NTB scanpix / NPK

Naturinngrep

Forslaget kjem i samband med at komiteen behandlar eit SV-forslag om offentleg eigarskap til vindkrafta, som dei skal gi frå seg tysdag. Saka går i plenum i Stortinget 19. juni.

Borch fryktar ikkje at ein lokal vetorett skal stanse alle utbyggingar og viser til at mange prosjekt er i gang allereie.

– Mange kommunar har vore positive, men dette er eit forslag for å gi kommunane og lokalpolitikarane det siste ordet, seier ho.

Arbeidarpartiet vedtok på landsmøtet i vår at meininga til kommunen må tilleggast stor vekt i utbygging av vindkraft, men partiet vil ikkje gi kommunane vetorett.

Samtidig gjekk Miljøpartiet Dei Grøne sist helg for ei restriktiv linje i utbyggingsspørsmål. I vedtaket heiter det at konsesjonar om å bygge ut vindkraft på land «bør forbeholdes områder med eksisterende inngrep og infrastruktur og skal ikkje redusere områder med urørt preg eller andre natur- og friluftslivsverdier».

Bør norske kommunar få vetorett ved utbygging av vindkraft?

Bør norske kommunar få vetorett ved utbygging av vindkraft?

Ja44
Nei8
Veit ikkje4
Svar totalt: 56

LES OGSÅ: Grøn Ungdom splitta om vindkraft på land

Frøya utsett

Forkjemparane for vindkraftutbygging meiner behovet for fornybar energi må komme føre omsynet til naturvern.

NVE peika i eit forslag nyleg på 13 område som direktoratet meiner er eigna for utbygging av vindkraft på land. Men utbygging skaper ofte lokal motstand.

Bygginga av vindkraftverk på Frøya, der det har vore store protestar, vart nyleg mellombels stansa etter pålegg frå Kommunaldepartementet, som skal gjennomgå korleis fylkesmannen har behandla saka.

Vindkraft i Noreg vil legge beslag på 630 kvadratkilometer urørt natur, ifølgje Miljødirektoratet. Det svarer til rundt halvannan gong arealet til Oslo.

NVE og Miljødirektoratet har berekna at det totale planområdet for vindkraft vil bli i underkant av 1.600 kvadratkilometer. Totalt er det 142.500 kvadratkilometer urørt natur her i landet, melder NRK. (©NPK)

LES OGSÅ: Ny forsking: Kvifor får me ikkje fart på havvind?

Arkona-vindparken i Østersjøen opna i april 2019. Den er eit samarbeidsprosjekt mellom norske Equinor og det tyske energiselskapet E.ON. Eit eksempel på korleis norsk kompetanse vert nytta. Ein ny forskingsrapport peikar på årsakane til at havvind ikkje har tatt meir av i norsk industri. Foto: Ein Dahmer/Wikimedia Commons/Flickr CC BY-SA 4.0