Trønderar og vestlendingar minst positive til vindkraft

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan sju av ti hovudsakeleg er positive til vindturbinar på land, er folk i Trøndelag og på Vestlandet meir negative. I førstnemnde region er 61 prosent positive. Det er den lågaste oppslutnaden om vindkraft i heile landet, viser ei undersøking Agder Energi har fått utført.

Administrerande direktør Tom Nysted i Agder Energi les likevel tala med optimisme.

– Gjennom våren har me sett ein aukande motstand mot vindmøller, derfor er me svært overraska over at støtta til vind på land ser ut til å faktisk vera brei, seier han om undersøkinga.

Les også: MDG-arar vil ha meir vern mot vindkraft

Unge er mest positive

Det er dei unge som er mest positive til vindkraftproduksjon på land. Over 80 prosent av dei mellom 16 og 34 er positive, medan 63 prosent av dei over 65 år er det.

Den same undersøkinga viser at dei fleste heller vil ha vindmøller til havs enn på land.

Les også innlegget til Magnus Kessel (17) om kvifor flytande vindmølleparkar er ein vinn-vind-situasjon.