Sp-kommunar omdisponerte meir matjord enn Høgre-kommunar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei kartlegging gjort av Nationen viser at i perioden frå 2016 til 2018 vart det i alt omdisponert 33.000 dekar matjord.

Av denne vart det omdisponert fleire dekar matjord i kommunar med Senterparti-ordførar enn i kommunar med Høgre-ordførar, skriv Nationen.

Eidsvoll omdisponerte messenterpartiet

Tal frå SSB viser at dei 102 kommunane med Sp-ordførar omdisponerte 5232 dekar matjord.

I dei 75 kommunane med ordførar frå Høgre vart omdisponert 4959 dekar.

Områda omfattar både jord som blir dyrka og jord som ligg brakk, men som er regulert til landbruk. Eidsvoll kommune er den kommunen som omdisponerte mest jord i perioden.

Tidlegare bondelagsleiar Nils T. Bjørke sit på Stortinget for Senterpartiet, Hordaland. Foto: Stortinget

Sjølv om kommunar med Sp-ordførar omdisponerer meir jord, vedtar dei nydyrking på langt større område.

Press på lokalpolitikarar

Stortingsrepresentant og tidlegare bondelagsleiar Nils T. Bjørke (Sp) meiner regelverket for å ta dyrka og dyrkbar jord må bli nasjonalt, og at det er stort press på lokalpolitikarane.

– Eg trur dei tar ansvar. Men blir du stilt opp mot at bedrifter flyttar dersom dei ikkje får arealet, og du mistar arbeidsplassar, kan det vere vanskeleg, seier Bjørke til Nationen.

Raudt sin ordførar-kandidat Kristian Mateo Norheim (23) meiner det er viktig å ikkje byggje ned matjord. Han er ein av dei unge politikarane Framtida.no har spurt om klimaløysingar før valet:

Kristian Mateo Norheim er Raudt sin ordførarkandidat i Karmøy. Foto: Privat/Raudt Karmøy