Ung politikar: Kristian Mateo (23) frå Raudt Karmøy

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har engasjert meg i lokalpolitikken fordi eg alltid har vore interessert i natur- og dyrevern, og dei store klimaspørsmåla. Uansett korleis me snur og vender på det vil politikken på desse områda påverka kommunen vår, skriv Kristian Mateo Norheim til Framtida.no.

23-åringen er ordførarkandidaten til Raudt på Karmøy, og ein av dei rekordmange unge som står på liste framfor haustens kommuneval.

NRK skreiv førre veke at 20 prosent av alle toppkandidatane på vallistene er under 40 år – ein del så høg at den overraska sjølv valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning. Samstundes trur Bergh at fleire unge på liste, kan føre til at fleire unge også går til valurnene i september.

Ei svakheit i demokratiet at unge ikkje vert høyrde

– Eg ynskjer å vera eit talerøyr for unge menneske inn i kommunestyret, fortel Norheim.

23-åringen skriv at ungdommen ikkje vert høyrde skikkeleg i kommunestyre, og at dette utgjer ei svakheit i demokratiet.

Sjølv skal han prøve å nå ut til dei unge ved å snakke om saker dei er opptekne av: skule, miljø, rettferd og idrett/kultur. Dette er viktige politiske saker som påverkar ungdommen, meiner han.

– Eg skal òg delta i den lokale skulevalkampen og vil oppfordra alle til å engasjera seg, melda seg inn i ungdomsparti og vera aktive for det dei trur på, fortel Norheim.

Han poengterer at han sjølv er medlem i Raud Ungdom som er, ifølgje Norheim, veldig aksjonistiske.

– Det eg vil leggja vekt på er at å vera aktiv i politikken ikkje berre er å lesa og skriva om sine meiningar, men kan vera kjekkare ting som ulike former for aksjonar.

Ei av Noregs største kommunar

Sjølv kjem Kristian Mateo Norheim frå Karmøy kommune. Ein kommune som 23-åringen synest er utruleg flott å bu i, med god variasjon av bysentrum og tettstadar, men òg mange fine turområde.

– Mange trur at Karmøy er ei lita øy, men me er faktisk den største øya i Rogaland, og den 23. største øya i Noreg, skriv Norheim.

Samstundes forklarar han at folketalet i kommunen, med både øya og fastlands-Karmøy, er på 42.000. Det betyr at dei er meir folkerike enn nabokommunen Haugesund og den 20. største kommunen i Noreg, før dei nye storkommunane.

– Karmøy er ei øy med mykje historikk, mellom anna vikinghistorien frå Avaldsnes.  Det eg likar aller best med Karmøy er den flotte og artsrike naturen. Me har flotte kulturlandskap, og ikkje minst Noregs finaste strand, Åkrasanden.

Foto frå det Norheim meiner er den flottaste stranda i landet: Åkrasanden i Karmøy. Foto: styx-x/Wikimedia Commons/CC BY 3.0

Lokalt ansvar

Det er også klima og naturomsyn som har ført til at 23-åringen har engasjert seg i lokalpolitikken:

– Me har eit lokalt ansvar for å ta vare på naturen vår og leggja til rette for rettferdige og klimavennlege løysingar for folk flest. I kommunen blir det tatt mange viktige avgjerder som påverkar liva til folk og det er viktig for meg å jobbe for at dei avgjerdene er til det beste for arbeidarklassen, folk flest, og klimaet.

Samstundes trur ikkje Norheim at nokre klimautfordringar er viktigare enn andre – det handlar om det store bilete:

– Me må leggja til rette for at det skal vera enklare for folk å velja klimavenlege løysingar. Til dømes må me ha eit betre og billigare busstilbod på Karmøy, og jobba for å fjerna dei usosiale bompengane. Samtidig må me jobbe for at bedriftar òg skal kutte utsleppa. Og ikkje minst må me verne om ein avgjerande faktor i kampen mot klimakrisa, naturen vår.

Rettferdige og klimavenlege løysingar

Raudtpolitikaren meiner det er viktig å ikkje byggje ned mykje matjord og urørt natur for til dømes vegar. Samstundes må skadd natur restaurerast, og det må verte gode tilhøve for å kunne velja sykkel.

– Det vil òg vera bra om me som kommune kan oppfordra folk til å velja meir vegetabilsk mat framfor kjøt, til dømes ved å ha ein kjøtfri dag i alle offentlege verksemder.

Ordførarkandidaten understrekar at desse løysingane må vera rettferdige, og ikkje skade folk som har vanskelege økonomiske kår.

– Til saman vil alle små og store løysingar vera med å bekjempa klimakrisa. Men er det ei overordna sak som kanskje i større grad er avgjerande for klimaet så er det å ha systemendring frå kapitalisme til sosialisme, der natur, menneske og velferd blir sett framom profitt.

Ann-Christine Mikkelsen. Foto: Privat

Kristian Mateo Norheim

Alder: 23 år
Yrke: Lærar
Parti: Raudt
Kommune: Karmøy