Forskar: Fare for at sauer får høyrselsskadar av sauebjøller
Lyden i sauebjøller er så kraftig at det er fare for at sauer får høyrselsskadar, seier forskar Christian Ellingsen-Dalskau til Forskning.no.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Utan å riste veldig hardt i bjølla, så målte eg han godt over 100 desibel. Dessutan så har sauen bjølla tett på øyret, så lyden blir høg, seier forskaren ved Veterinærinstituttet til Forsking.no.
Han meiner derfor at ringinga i bjøllene sannsynlegvis kan medføre høyrselsskadar hos sauene.
Les også: Sau lagar «Google Street View»
Støy over 65 desibel er ulovleg
Forskrifta om velferd for småfe fastset at dyr ikkje skal bli utsette for unødig støy, og støy over 65 desibel er ulovleg.
Saueforskar og professor Inger Lise Andersen ved NMBU, som har forska på husdyr og flystøy, seier til nettstaden at ho trur lydnivået på bjøllene ligg over det sauene synst er behageleg, men at det kan vere at sauene venner seg til støyen.
– Resultata viste at sauen ser ut til å vere veldig tilpassingsdyktig. Då anslår vi 90 desibel som den fysiske smertegrensa, seier ho.
- Les også: Katten tergar sauen – så skjer dette