Katten tergar sauen – så skjer dette

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.no.

Fardal: – Det var like før katten tok over fjøsvaka, men han fekk diverre sparken av sauene ser det ut til, seier Rune Venes.

Midt under sauelamminga kom Venes ned til fjøsen, der han fann katten balanserande på rekkverket.

– Det skjedde om natta medan eg venta i fjøsen under sauelamminga no. Katten var alt i fjøsen då eg kom ned, han var sikkert på jakt etter mus, seier Venes.

Sjå hendinga Rune Venes fanga på film:

Nonsjalant som dei fleste kattar, ser det ut til at pusen har god kontroll på lamminga i starten, men etter kvart går katten lei av sauestiren og deler ut nokre få slag med poten. 

Sauene blir litt vel pågåande slik at katten byrjar å fresa. Etter nokre klask til med poten seinare snur katten ryggen til. Då grip sauen sjansen han er tildelt.

Før ein veit ord av det byks sauen fram og stangar katten ned med skallen. Den svarte pusen piler avgarde og innser kjapt at han ikkje fekk jobben som lammevakt. 

Til dei som lurte på korleis det gjekk med pusekatten, kan Venes forsikre:

– Det gjekk bra med katten.

Kvifor skal du bruke tida di på YouTube-kattar? Fordi forskarar har funne ut at videoane gjev energi og positive kjensler! 

 

LES OGSÅ: Færøyane let sauen gjera jobben til Google Street View: Sheep View