Ung politikar: Ole August (20) frå Aukra SV

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg sympatiserte med ein del av SV sin politikk, men etter kvart som eg vart med forstod eg at politikken deira var det eg hadde meint heile tida! skriv Ole August Iversen i ein e-post til Framtida.no.

20-åringen er ordførarkandidat for SV i heimkommunen Aukra og ein av dei rekordmange unge som står på liste framfor haustens kommuneval.

– Mange seier dei ikkje bryr seg

NRK skreiv denne månaden at 20 prosent av alle toppkandidatane på vallistene er under 40 år – ein del så høg at den overraska sjølv valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning.

Samstundes trur Bergh at fleire unge på liste, kan føre til at fleire unge også går til valurnene i september.

For å engasjere unge i valet vil Iversen først og fremst snakke med dei, for å fortelje kvifor det er så viktig, og kva makt dei eigentleg har.

– Mange eg møter seier dei ikkje bryr seg, men når ein spør dei om til dømes fritidstilbod, eller arbeidsplassar i kommunen, så er det alltid noko som interesserer. Og så er jo sjølvsagt sosiale medium ein av dei beste måtene å nå ut til unge på, meiner Iversen.

Innbyggjarane på fastlandssida Julsund må ta ferje frå Hollingsholmen for å kome over til hovudøya Gossen. Foto: Peter Fiskerstrand, Wikipedia (CC BY-SA 4.0)

Lite gjennomslag med ungdomsrådet

Aukra er ein liten kommune på Romsdalskysten med drygt 3500 innbyggjarar. Mesteparten av arealet i kommunen består av øya Gossen. I tillegg har kommunen ein fastlandsdel som heiter Julsund, forklarar aukraværingen.

Trass i at han ikkje har vore medlem i noko parti, har Iversen allereie vore engasjert i lokalpolitikken i seks år. Engasjementet sitt har han brukt som medlem i ungdomsrådet i heimkommunen og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Dei to siste åra har han vore leiar i ungdomsrådet i Aukra.

– Der har eg stått på for ungdommen sine interesser. Men der er det diverre lite gjennomslagskraft, og det er vanskeleg å bli høyrd, forklarar Iversen.

Lokalt gassanlegg og forsøpling

No er 20-åringen ordførarkandidat for Aukra SV og vil jobba for å få meir rettferdig fordeling og framtidsretta politikk inn i kommunestyret etter valet 9. september.

– Vi er Norges rikaste kommune per innbyggjar der drygt halvparten av kommunebudsjettet kjem frå eigendomsskatt på ilandføringa av gass på Nyhamna, forklarar SV-politikaren.

– Kva er den største klimautfordringa i din heimkommune?

– Kommunen har eit anlegg for handsaming av naturgass. Regjeringa likar å seie at ho kuttar utslepp i utlandet, som forøvrig er sant i høve kolkraft, men det er framleis ei ganske stor utsleppskjelde. Anlegget har dispensasjon til veldig store CO2-utslepp, som er veldig uheldig. I tillegg har vi mange strender der det er mykje forsøpling, svarar Iversen.

Den ferske SV-politikaren Ole August Iversen debuterer som ordførarkandidat for Aukra SV denne hausten. Her er han saman med nestleiar i SV, Kirsti Bergstø. Foto: Ole Stensby

Forskingssenter for «det grøne skiftet»

Den unge ordførarkandidaten vil bruke kommunen si høge inntekt på å starte eit regionalt forskingssenter som skal forske på alle moglege ulike nyvinningar for å gjennomføre det grøne skiftet: alt frå energilagringsteknikkar til nytting av algar i energiproduksjon.

– Men først vil vi knyte det til gasshandsamingsanlegget der vi ønskjer å gjere om naturgassen til hydrogen og fange opp CO2en. Med det kan vi kutte ganske store mengder CO2 frå Storbritannia sine energibehov, samstundes som vi kan bruke hydrogenen lokalt i ferjer og anna godstransport, svarar Iversen, som understrekar:

– Her er det nesten berre fantasien som set grenser.

Vil starta nytt fond

Vidare ønskjer partiet å setje av midlar til eit stort fond som folk skal kunne søkja støtte til ting som til dømes solcelleannlegg på husa sine.

Han samanliknar det med ENOVA, der både private og bedrifter kan søkja økonomisk støtte til klimavenlege løysingar og energitiltak.

– Forskjellen er at det skal komme i tillegg til ENOVA, som er nasjonalt. Her skal bedrifter òg kunne søke seg til midlar dei måtte trenge til omstilling til meir bærekraftig produksjon, avsluttar Iversen.

Ann-Christine Mikkelsen. Foto: Privat

Ole August Iversen

Alder: 20 år gammal

Yrke: Nyutdanna sveiser og skal studere elektroingeniør til hausten

Parti: SV – Sosialistisk venstreparti

Kommune: Aukra