Støre inviterer dei raudgrøne til samtalar

Jonas Gahr Støre (Ap) seier han vil snart vil gå i gang med samarbeidssamtalar med dei raudgrøne partia på Stortinget.

NPK-NTB
Publisert

– Eg vil dei næraste dagane invitere kvart enkelt parti som har peika på meg som statsminister, til samtalar, sa han frå scena under Arbeidarpartiets valvake.

– Eg vil lytte til kva som er viktig for dei, og dei vil få høyre frå meg, som leiar av det partiet dei har peika på til å leie regjeringa i Noreg som eit alternativ til ei Framstegsparti-regjering, legg han til.

Han gjentek også invitasjonen til eit breiare skatteforlik på tvers av blokkgrensene.

– Eg gjentek no som støyen frå valkampen er over. Vi gjentek invitasjonen vår til ein skattekommisjon, for å gi næringslivet meir føreseielegheit, seier Støre.

Må ha raudgrønt fleirtal

Arbeidarpartiet vart det største partiet i landet, men Støre vil framleis trenge støtte frå alle partia på raudgrøn side for å få eit budsjett gjennom. Korleis eit budsjettsamarbeid vil sjå ut i praksis, er blant tinga det herskar uvisse rundt.

Både SV, Raudt, MDG og Senterpartiet har stilt klare – og ofte kostbare – krav til Ap for å gi si støtte. SV-leiar Kirsti Bergstø tek til orde for å samle den raudgrøne sida.

– Eg har gratulert Støre med valet, og er klar for å snakke med han. Eg vil også snakke med dei andre partileiarane, for no er det veldig viktig at vi samlar oss på raudgrøn side, og kan stå saman om ein plan som gjer livet til folk betre, seier ho til NTB.

Raudt-leiar: Tuttifrutti smaker godt

Mange har kalla den raudgrøne miksen av partia som utgjer fleirtal for eit «tuttifrutti-samarbeid». Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen er klar i sin tale.

– Eg synest tuttifrutti smaker veldig godt, sa ho til pressa på veg til Raudts valvake.

Ho trekte også fram fleire døme på ting ho vil ta opp med Støre.

– Vi har sagt heile tida at det viktigaste for oss er å få ned forskjellane, styrkje velferda, styrkje folkestyret og at Noreg må gjere meir for Palestina.

Støre har dei siste månadene leidd ei rein Arbeidarpartiregjering etter at Senterpartiet trekte seg frå regjeringssamarbeidet i januar.