100 år sidan stemmerett for alle vart innført

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1919 oppheva Stortinget regelen i Grunnlova om at stemmeretten vart inndratt dersom ein fekk fattigstøtte. Vedtaket er ifølgje Stortinget historisk viktig og førte til at økonomisk og sosial status ikkje lenger var avgjerande for om folk fekk fulle borgarrettar

Fjerninga av suspensjonsregelen hang tett saman med at det i tiåra rundt 1900 var store endringar i synet på sosiale spørsmål, sosialhjelp, verdigheita for individet og mennesket og karakteren av folkestyre.

Å inndra stemmeretten til fattigfolk vart på mange måtar eit uttrykk for sosial urettferd. Det førte til at suspensjonsregelen einstemmig vart fjerna berre 21 år etter at han i 1898 vart innført.

17. juli er det dermed 100 år sidan det i praksis vart stemmerett for alle.

Kjelde: Stortinget

– Var urettferdig

Nesten 50.000 personar fekk ikkje stemme ved valet i 1915 fordi dei hadde fått fattighjelp frå det offentlege. Å få økonomisk støtte til dømes for å kjøpe skulebøker og klede til barna, var nok til å miste retten til å stemme.

Stortingspresident Tone Trøen, her på statsbesøk i Ukraina. Foto: Кабінет Міністрів України/Wikimedia Commons/CC BY 4.0

Sjølv om kvinner fekk stemmerett på lik linje med menn i 1913, var det mange som i praksis ikkje fekk bruke han som følgje av suspensjonsregelen.

– Sjølv om vi tenker at kvinner fekk stemmerett i 1913, var det likevel slik at to tredeler av dei som var ramma av suspensjonsregelen, var kvinner. Det var veldig urettferdig. Folk som hadde hamna i ein uheldig situasjon, som følgje av sjukdom, ulykke, eller kvinner som hadde vorte enker, fekk ikkje stemme fordi dei fekk fattigstøtte, har stortingspresident Tone W. Trøen (H) tidlegare uttalt til NTB.

Blir markert på Stortinget

Medan mange nordmenn for 100 år sidan kjempa for stemmeretten, er kampen i dag å få folk til å stemme. Sidan 1983 har valdeltakinga vore under 70 prosent, med botnnotering i 2003 på 59 prosent i kommunevalet og 55,6 prosent i fylkestingsvalet.

Stemmerettsjubileet blir i år markert på Stortinget. Det var Bjørnar Moxnes (Raudt) som i 2017 foreslo markeringa. Det vil bli ei nøktern markering med fokus på å spreie kunnskap, har stortingspresident Tone W. Trøen (H) fortalt NTB.

Desse ni valekspertane skal sørgje for at politikarane pratar barnevenleg fram mot lokalvalet. Foto: Bente Kjøllesdal