SV vann skulevalet i Oslo

SU-leiaren er nøgd med at dei held unna høgrebølgja.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen.

– Eg synest det er utruleg gøy! Det er vanvitig å sjå den innsatsen folk har lagt ned. Folk har stått på dag ut og dag inn i mange veker no. Å sjå at det ber frukter, er veldig gøy, seier Sosialistisk Ungdom-leiar Audun Hammer Hovda på telefon til Framtida.no onsdag morgon.

Det vart ein klar siger til borgarleg side i skulevalet. Framstegspartiet (Frp) vart den store vinnaren på landsbasis med 26 prosent av stemmene, medan Høgre fekk 19,7 prosent. På raudgrøn side gjekk alle partia ned og Sosialistisk Venstreparti fekk 10,8 prosent av stemmene i skulevalet nasjonalt.

Men i Oslo fekk SV 22,3 prosent av stemmene og vart klart største parti.

– Eg trur vi har valt veldig gode saker som folk er engasjerte i. Vi har snakka mykje om forskjellar, og om Gaza. Det er tema som engasjerer breitt, også utanfor Oslo. Så har vi også eit veldig godt fylkeslag i Oslo som har gitt jernet, er SU-leiarens forklaring på det gode resultatet.

NRK har tidlegare skrive om SVs valsuksess i Oslo.

Rollebyte

– Er det overraskande at SV gjer det så bra i Oslo? 

– Ja og nei. Det er jo veldig, veldig gøy for oss å bli størst. Vi har vore veldig nærme før, men det veldig gøy at vi er størst i år, seier Hovda, og viser til skulevalet for fire år sidan.

Då slo Arbeidarpartiet SV knapt i Oslo.

SV går i Oslo opp 2,8 prosentpoeng frå skulevalet i 2021. Samstundes går Arbeidarpartiet ned med 1,3 prosentpoeng, og dimed er rollene snudd. SV er størst, og så kjem Ap etter med 18,3 prosent av stemmene.

Høgrebølgje

Landsvinnar Frp hamnar på fjerdeplass i Oslo, med 15,1 prosent av stemmene. Dei har likevel teke eit kraftig byks samanlikna med skulevalet i 2021, då dei fekk 7,8 prosent av stemmene i hovudstaden.

Samanlikna med for fire år sidan går SV ned 1,9 prosentpoeng nasjonalt. SU-leiaren er likevel nøgd med resultatet, og trekker fram at dei har om lag same oppslutning som ved skulevalet i samband med lokalvalet for to år sidan.

– Med ei ekstrem høgrebølgje som vi ser no – å kunne klare det er vi veldig, veldig stolte av.

– Kva tenker du de må gjere for å treffe unge utanfor Oslo også?

– Det er eigentleg berre å gje jernet, da. Å stå på og spisse argumenta. Lage ein sterkare organisasjon som er i stand til å ta opp fighten på nytt om to år. Så har eg trua på at det skal bli veldig bra.

Medlemsvekst

Framtida.no har tidlegare skrive om stor medlemsvekst i Sosialistisk Ungdom under valkampen. Ungdomspartiet har sikra seg nesten 500 nye medlemmar, noko leiar Audun Hammer Hovda kallar historisk.

– Vi har eit veldig, veldig godt år med tanke på å få nye folk inn i organisasjonen vår.

No håpar SU-leiaren det gode resultatet frå skulevalet og valkampen vil vise seg att i stemmer i stortingsvalet.