Nybø reagerer på nynorskbruken ved universiteta: – For dårleg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har i sommar vore fleire saker om den låge nynorskprosenten ved universiteta. Ifølgje mållova har universiteta krav om å bruke minst 25 prosent nynorsk i alt skriftleg materiale, men den prosenten er dei fleste universiteta langt unna, ifølgje tal frå språkrådet.

– No er det skjerpings

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø seier til Stavanger Aftenblad at ho har fått med seg nyheitene om nynorskbruk ved universiteta.

– No er det skjerpings. Bruken av nynorsk er for dårleg over heile sektoren, seier ho til avisa.

Nybø seier vidare til avisa at ein må passe på presset frå engelsk språk, og ha fokus på at det er eit krav om nynorsk. Ministeren har ikkje nokon konkrete tiltak for augneblinken, men vil sjå på det. Ho vil at universiteta skal bli betre på norsk språk i begge målformer.

Tala frå språkrådet viser at ni av ti universitet ikkje oppfyller krava i mållova. Dei fleste er langt unna kravet, skreiv Khrono førre veke.

Les også: NTNU er nynorskversting – igjen

Rektor ved NTNU, Gunnar Bovim, talte til studentane under immatrikuleringa på Gløshaugen ved oppstart av studieåret 2018/2019. Foto: Thor Nielsen/NTNU