Forskarar: Fleire norske isbrear kan forsvinne

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har vore ein påviseleg auke i smeltinga frå isbreane dei siste dagane, seier Atle Nesje, professor i geologi ved Universitetet i Bergen, til NRK.

– Vi har hatt temperaturar på over 30 grader, og det er klart det fører til stor smelting både på snøen som ligg igjen og på breane, seier han.

Liss Marie Andreassen er breforskar i Noregs vassdrags- og energidirektorat. Foto: NVE

Les også: Studie: Isbrear smeltar mykje fortare enn tidlegare anslått

Grunn til bekymring

Liss Marie Andreassen er breforskar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Ho meiner det er grunn til å vere bekymra for framtida til breane, og seier at veldig mykje av isen vil forsvinne dei neste 20 til 50 åra.

– Breane er ein klimaindikator, og veldig sensitive for endringar i klimaet. Det kan vere ein augeopnar som viser kor alvorlege klimaendringane er, seier Andreassen til NRK.

Les også: Varmerekordar førte til at norske isbrear minka med 33 meter i 2018

Ein halv kilometer mindre

Sommaren i fjor med lange varmeperiodar var endå verre for isbreane enn denne sommar, og føyer seg inn i ein trend som i Noreg byrja rundt tusenårsskiftet. Sidan då har breane våre jamt over trekt seg tilbake.

Fleire store brear har vorte omtrent ein halv kilometer kortare i denne perioden.

Éin av desse er Nigardsbreen – ein utstikkar frå Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet.

Nigardsbreen fotografert i 2017. Foto: dconvertini, Flickr (CC BY-SA 2.0)

Les også: Ny rapport: Alle isbrear i Noreg er trua

Professor i geologi ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje. Foto: UiB

Mindre brear kan forsvinne

Dersom utviklinga med bresmelting held fram, seier Nesje at fleire mindre brear kan vere heilt borte om berre nokre få år.

– Dei største breane vil ligge i mange år framleis, men vi ser at brearmane kryp oppover og blir stadig kortare.

Han seier ein konsekvens av bresmeltinga på sikt vil vere mindre smeltevatn, då breane blir mindre. Dette kan få konsekvensar for vatning og jordbruk. Ein del vassmagasin kan òg stå i fare for å forsvinne heilt. I tillegg er ein del vasskraftverk avhengige av vatn frå breane.

Les også: NASA har oppdaga gigantisk holrom i ein av verdas viktigaste isbrear

Thwaites-breen. Foto: NASA/OIB/Jeremy Harbeck