Varmerekordar førte til at norske isbrear minka med 33 meter i 2018

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 2018 var eit veldig dårleg år for dei norske breane. Det var ikkje masseoverskot på nokon av dei vi måler, seier senioringeniør Hallgeir Elvehøy i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Breane trekte seg tilbake 33 meter i gjennomsnitt berre i fjor, då det vart sett ei lang rekke varmerekordar.

Det betyr at 2018 var eitt av åra med størst tilbakegang sidan målingane byrja.

– Viss det ikkje hadde vorte litt kjøligare i august, ville det nok vorte ny rekord, seier Elvehøy til NTB.

Ifølgje ein rapport frå ifjor er alle norske isbrear truga. Les meir her!

Ein isbre i Jotunheimen sett frå helikopter. Mindre brear i den norske fjellheimen er svært utsette når temperaturen stig. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK

Trekker seg tilbake

Smeltinga i fjor føyer seg inn i ein trend som i Noreg byrja rundt tusenårsskiftet. Sidan då har breane våre jamt over trekt seg tilbake.

Fleire store brear har vorte omtrent ein halv kilometer kortare i denne perioden. Éin av desse er Nigardsbreen – ein utstikkar frå Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet.

– Nigardsbreen er gått tilbake 456 meter på 20 år, fortel Elvehøy.

Utviklinga i Noreg er del av ein global trend. Isbrear smeltar og trekker seg tilbake over heile verda, frå Arktis til Alpane, Andesfjella, Himalaya og den vestlege delen av Antarktis.

Les også: NASA har oppdaga gigantisk holrom i ein av verdas viktigaste isbrear

Global oppvarming

Tilbaketrekkinga på verdsbasis har gått føre seg heilt sidan 1800-talet. I den første perioden kan hovudårsaka ha vore naturlege endringar i klimaet på jorda.

Men i dag er den viktigaste årsaka menneskeskapte klimaendringar, fastslår forskarar. 69 prosent av is-tapet i fjell-brear mellom 1991 og 2010 kjem av menneskeskapt global oppvarming, ifølgje ein studie publisert i det prestisjefylte tidsskriftet Science.

Viss utsleppa av klimagassar fortset, ligg det an til framleis temperaturauke og stadig mindre brear.

Brevandring på Austdalsbreen, ein av utløparane frå Jostedalsbreen, i 2015. Noreg mistar viktige turistattraksjonar dersom isbreane smeltar bort. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

470 kvadratkilometer

Jostedalsbreen i Sogn og Fjordane dekkjer eit område på over 470 kvadratkilometer, og nokre stader er isen over 600 meter djup. Men sjølv denne kolossen kan vere omtrent borte om 80 år.

Det er konklusjonen til forskarar som har prøvd å føreseie utviklinga til breane viss klimautsleppa fortset å auke.

– Modellane antydar at det vil vere veldig lite is igjen i Sør-Noreg i år 2100, seier Elvehøy.

I så fall vil det berre vere restar igjen av Folgefonna i Hardanger og hundrevis av mindre norske brear. Elvehøy trur Svartisen i Nordland vil lide same skjebne.

Les også: 15 måtar klimaendringane kan råke Svalbard på

Kan miste drikkevatn

På Svalbard er isbreane endå større enn på det norske fastlandet. Utviklinga her er den same, og satellittmålingar viser at breane krympar over heile øygruppa.

To mindre brear ved Ny-Ålesund har vorte målt heilt sidan 1960-talet.

– Dei har hatt to år der dei gjekk litt i pluss. Elles har dei gått i minus, seier forskar Jack Kohler ved Norsk Polarinstitutt til NTB.

I Asia og Sør-Amerika risikerer fleire hundre millionar menneske å få dårlegare tilgang til drikkevatn etter kvart som breane i Himalaya og Andesfjella blir mindre.

To tredelar av isbreane i Himalaya kan forsvinne på 80 år, ifølgje ein forskingsrapport som nyleg vart publisert.

Samtidig blir folk i kystområde over heile verda ramma når smeltevatn frå breane får havet til å stige. Havnivåstiginga avheng mellom anna av utviklinga på Grønland, der enorme ismassar ser ut til å smelte stadig raskare.

Les klimareportasjen om Svalbard – ei varsellampe for kva som kan kome til å skje:

Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Foto: Bente Kjøllesdal