Den meste omfattande målinga av isbrear globalt har avdekt at tusenvis av isbrear krympar 18 prosent fortare enn eit internasjonalt panel anslo i 2013.
Rundt 369 milliardar tonn med snø og is går tapt frå isbreane årleg, slår rapporten fast. Han er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Nature.
Les også: NASA har oppdaga gigantisk holrom i ein av verdas viktigaste isbrear
– Heilt tydelege klimaendringar
– På 30 år har nesten alle område byrja å miste masse rundt same tid. Det er heilt tydelege klimaendringar, seier rapportforfattar Michael Zemp, som òg leier World Glacier Monitoring Service ved University of Zürich,
Isbreane krympar fortare i mellom anna Sentral-Europa, Kaukasus-området, vestlege Canada og store delar av USA. I desse områda går over 1 prosent av massen tapt kvart år.
– I desse områda, gitt delen masse som går tapt årleg, vil ikkje isbreane overleve dette hundreåret, seier Zemp.
Les også reportasjen: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje
