Undersøking: Kollektivt tek lang tid i distrikta
Éin av fire i distriktet seier at det vil ta éin time ekstra å ta kollektivt til jobb, skule eller studium, viser undersøking frå NAF.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
40 prosent av dei som bur i distriktet svarer at reisa vil ta over 30 minutt meir med kollektivtransport.
Derimot brukar éin av tre i storbyen kollektivtransport til skule, jobb eller studie. Delen i mindre byar og distriktet er nede i éin av ti.
– Dette viser at når det er eit godt nok kollektivtilbod så tar folk det i bruk. Samstundes ser vi at bilen framleis er veldig viktig i kvardagen til mange. Svært mange plassar er det heilt urealistisk å skulle velje bort bilen, seier kommunikasjonssjef i NAF Camilla Ryste i ei pressemelding.
Mange vil reise meir
Likevel er mange positive til å reise meir med kollektivtransport. 60 prosent har svart at dei gjerne vil reise meir med kollektivtransport, om tilbodet blir betre.
– Folk er positive til å reise meir kollektivt, men det må passe inn i kvardagen. Å legge til ein time på kvardagsreisa vil vere ein store negativ påverknad på kvardagsreisa til folk, hevdar Ryste.
Reiser du kollektivt?
Reiser du kollektivt?
Les også intervju med Raud sin ordførarkandidat i Karmøy: – Me må leggja til rette for at det skal vera enklare for folk å velja klimavenlege løysingar