Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sol Heilo passa ikkje inn på ungdomsskulen

Solveig «Sol» Heilo var veldig god på å leike på barneskulen. Då ho kom på ungdomskulen endra livet hennar seg. Heilo fann ikkje plassen sin. Ho fann ingen tilhøyring på skulen lenger.

– Her høyrde eg ikkje heime, fortel Sol Heilo (37).

Orda flommar ut av munnen til multikunstnaren som har reist verda rundt med bandet Katzenjammer.

No har Sol gått solo og har turnert rundt med bandet sitt etter programmet «Hver gang vi møtes» på TV2. I programmet song ho til dømes songen til Katastrofe «Holde rundt deg». Me heime i stova visste lite om kor godt ho kunne kjenne seg att i akkurat den songen.

Verda vart plutseleg veldig annleis

– Dei same reglane gjaldt ikkje lenger. På barneskulen hang eg med gutane og var gutejente. Eg sparka fotball. Leik var noko eg var god på. Eg var ein sentral skikkelse i klassa og leikte bra med alle. Eg hadde det harmonisk og fint. Eg opplevde aldri mobbing eller erting i det heile.

– Så vart kontrasten veldig stor, då eg kom på ungdomskulen og verda plutseleg vart veldig annleis, fortel Heilo.

Den fyrste dagen på ungdomskulen hugsar Sol framleis.

– Den fyrste dagen på ungdomskulen lurte eg på kvar alle leikeapparata var. Kvar er paradiset? Kva skulle ein gjera i skulegarden? Ein skulle berre stå å prata saman. Det var ikkje eg klar for. Eg var ikkje moden nok til det.

Sol Heilo var ikkje klar for desse spelereglane. Ho ville framleis leike.

Ho meiner sjølv ho var ei gutejente som var seint utvikla.

– Eg hadde ikkje puppar og såg ikkje særskilt «hot» ut samanlikna med dei andre jentene. Dei gutane som eg hadde vore kompis med i alle år var plutseleg interessert i puppar og dei jentene som såg kule ut som hadde sminka seg. Då fall eg heilt igjennom dei greiene der, fortel Heilo.

Les også om Maria (15) som skal verte fiskar: – Her ute er det status å vere fiskar for gutane – dei kallar seg ekte menn – så dei var litt slik: «Nei, du kjem aldri til å greie det»

«Ok, eg er litt rar»

Sol skildrar det som om ho mista seg sjølv. Det var ei utfordring å gå frå å ha det harmonisk og fint til å ha ei kjensle av å ikkje høyre til.

– Eg måtte heile tida jobbe med meg sjølv for å passe inn, eller ikkje passe inn. Eg tok eit val: Ok, eg passar ikkje inn nokon stad. Eg passa ikkje inn hjå dei nerdete på skulen,  skuleflinke, vaksne jenter. Eg passa heller ikkje saman med dei kule. Dei var så veldig kule og hadde så kule kle.

Eg måtte heile tida jobbe med meg sjølv for å passe inn, eller ikkje passe inn

– Så eg tok eit standpunkt om meg sjølv: Ok, eg er litt rar. Eg er nok litt utanfor det som er «folk flest». Men så likar eg det, og vert ved det, sjølv om det gjorde litt vondt. For eg fall jo utanfor litt sosiale grupper. Så det var eit slag i trynet, eigentleg.

Men ho er veldig glad for at ho ikkje gav etter for presset om å passe inn. Ho tenkte: Då får eg heller vera litt annleis og «stå i det».

Det er også hennar råd til andre unge som opplever det same. Ho har sett for mange som prøver å endre seg til noko dei ikkje er. Hennar råd er å vera seg sjølv.

Mista seg sjølv

Sol Heilo på scena med Katzenjammer. Foto: Ketil Hardy/CC BY-SA 4.0

Sol Heilo har tidlegare uttalt i andre medium at ho vart ein slags «rebell» trass i at ho vaks opp i ein harmonisk og fin familie.

– Var dette grunnen til at du vart denne «rebellen»?

– Det kan nok vera, eg missa litt grunnlaget for kven eg var. Eg tenkte: Her må eg prøve ut nye sider ved meg sjølv for finne ut kven eg var. Var eg ho som skulle tagge på veggane, eller var eg ho som skulle stå å prata? Alle har nok eit behov som ungdom å «lausrive seg frå redet». Dette var min måte å lausrive meg på, fortel Heilo.

Sol Heilo skildrar tida som rebelsk, som at ho gjorde alt som stridde mot den ho var.

– Eg er sånn skrudd saman, at ser eg eit stykke papir som ligg på bakken, så tek eg det opp, sjølv om det flyg langt av garde. Før dette hadde eg ikkje stelt ein ting frå nokon eg kjende. Eg hadde nokon etiske rammer som eg hadde fått inn med morsmjølka.

Les også reportasjen om Guro Helen (22) som gradvis vert blind: – Før kunne eg sjå stjerner. No kikar eg hardt, leitar, men dei dukkar aldri opp

Ville kjenne på kjensla av å gjera gale ting

Heilo endra seg til det motsette for kjenne på kjensla av å gjera ugagn.

– Eg starta å stele i butikkane for å kjenne på kjensla av å gjera gale ting. Prøvde å røyka, drikka. Eg prøvde å gjera alt som stridde mot der eg kom frå. Begge foreldra mine er kreftlegar, det å røyka var jo absolutt det verste eg kunne finne på. Dei såg jo død kvar dag. Eg fann dei verst tenkelege ting eg kunne gjera. Så såg eg kva reaksjon eg fekk av det, erindrar Heilo.

Heilo medgjev at ho fekk dårleg samvit av å stele, men samstundes fekk ho også eit kick:

– Eg kjende at eg verkeleg levde. Eg kjende på at det var farleg. Men eg gret på kvelden. Eg bad til Gud og sa unnskyld, at eg var eit forferdeleg menneskje. Likevel var det ei kraft i meg til å prøve dei farlege tinga. Heldigvis vart eg tatt, så då gjorde eg ikkje det meir.

Hadde aldri tenkt å synga

Sol Heilo hadde ingen planar om å verte artist. Men ho hugsar godt sitt fyrste dikt. Då var ho fem år. Ho hugsar òg hennar fyrste låt då ho var ti-elleve år. Ho skulle ikkje verte artist.

– Det var alt anna eg skulle verte. Å viss eg skulle gjera noko innan musikk var det å verte perkusjonist i eit symfoniorkester eller noko. Men då måtte ein øva frykteleg mykje. Det er så høgt nivå på dei. Eg gadd jo aldri øva. Eg likar best å øve saman med andre.

Eg bad til Gud og sa unnskyld, at eg var eit forferdeleg menneskje

Sol Heilo enda opp som privatsjåfør i Connecticut i USA. Etter at ho hadde backpacka i Europa og Asia. Ho nytta alle pengane til å reise opp til Boston for å ta privattimar i trompet og pauker. Ho sakna musikken.

– Eg tenkte no må eg reise heim til Noreg å starte på ein musikkskule eller noko. Då starta ho på Nordisk institutt for Scene og Studio, der møtte eg kollegaene mine i Katzenjammer. Då starta me tilfeldigvis eit band. Men eg hadde aldri tenkt at eg skulle synga, i alle fall, seier ho.

Les også om bandet 9 grader nord som har gjort Edvard Munch sitt måleri «Det syke barn» om til ei vakker voggevise.

Skreiv seg igjennom depresjonen

Foto: Henry Laurisch/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Så starta ho i Katzenjammer. Ho kjente at her vil eg vera.

– Etterkvart starta eg å synge òg. Det berre utvikla seg naturleg. Plutseleg så sa det bang: Eg var plateartist. Eg har alltid hatt ei trong for å skrive dikt og lage melodiar. Det har eg alltid gjort fordi det er kjekt. Plutseleg kom det veldig fram i meg. Plutseleg kunne eg ta fram dei ideane eg hadde då eg var ti og dei ideane då eg var tjue år gamal. Plutseleg har eg berre skrive meir og meir, seier artisten.

Heilo fortel at ho rundt 2010 fekk ein depresjon, og at pennen då vart ekstra flittig. Skrivinga fekk ho gjennom tøffe tider.

– Eg kan ikkje skjøne korleis eg skulle klart meg i den perioda eg var deprimert eller korleis eg skulle kome meg igjennom dagen utan å kunne skrive. Det var… , ho dreg litt på det.

– Det var som å vera eit fylt kar og så drog du ut proppen, så tømde det seg, fortel ho openhjartig.

Boka med notat vart «å fortelje det til nokon».

– Eg gjorde det på ein hemmeleg og subtil måte med personar og hendingar, at ingen kan ta meg på det heller. Det var ein fin kamuflert måte å tøme seg på. Utan å nemne noko namn eller setje nokon i eit dårleg ljos. Eg tenkte dette er noko som aldri vil sjå dagens ljos, men eg har fått sett ord på det. Eg har fått fortalt løyndommen min. Men så vart eg soloartist og då kom alle desse låtane under lupa, fortel Heilo.

Er det ein hard bransje?

– Du og bandet Katzenjammer opplevde ein enorm suksess, ikkje berre i Noreg men de var jo og store i utlandet. Er det ein hard bransje å stå i?

– Det å få oppleva dei fantastiske tinga me fekk oppnå, det i seg sjølv var berre positivt. Men utfordringane kom jo rundt dei tjuetre timane du ikkje var på scena, fortel Heilo.

Ho skildrar timar med lite søvn – berre tre timar per natt i lange periodar. Menneskje rundt seg heile dagen, kvar ein dag. Timesvis i tronge bilar, på hotellrom, på eit fly eller ei lydprøve.

Utfordringane kom rundt dei tjuetre timane du ikkje var på scena

– Så har du den eine timen på scena, der alt fungerer. Men det er dei tjuetre timane rundt som er dei viktigaste for å halde ut det løpet du allereie har stelt i stand. Fordi me fungerte på scena og som band det var det ingen tvil om – musikalt sett.

Heilo forklarar at når folk sluttar å spele i band er det ikkje nødvendigvis fordi ein ikkje har suksess, men fordi ein ikkje taklar dei tjuetre timane ein ikkje er på scena.

– Det er jo livet ditt. Fungerer det ikkje der – har du eit kjempestort problem. Det var det eg opplevde. Det å vera i ein slik konstellasjon med så få folk å forholda seg til – der det vart danna klikkar og konstellasjonar. Det var ganske tøft og vanskeleg, synes eg. Det var den største utfordringa eg har stått ovanfor i heile mitt liv. Det var beintøft. Du møter deg sjølv i døra fleire gonger om dagen, seier Sol Heilo.

Våg å konfrontere

– Kva råd har du å kome med til unge gutar og jenter som vil gå same vegen som deg?

– Om dei er i same situasjon som eg var, som byggjer stein for stein saman med nokon andre, er det eit nøkkelord: Det er kommunikasjon.

Det er heilt avgjerande å tørre å konfrontera, og ta opp problem direkte med den personen det gjeld, forklarar Heilo.

– Har du problem med ein person i ei gruppe er det dummaste du kan gjera, å gå rundt og sjekka om dei andre er samde med deg. Då må du gå til det menneskje å seie at du har eit problem, sånn opplever du det. Dette er reelt for meg. Sånn kjenner eg det. Du må rydde opp. Å involvere andre er verdilaust for deg om dei er samde. Den kjensla er reell for deg. Om du ikkje gjer det, held det ikkje lenge før det ryk, seier Sol Heilo.

Les også om fotograf Rainer Kleive (25) som reiser landet rundt med musikar Kjartan Lauritzen: – Me berre er ein heilt vanleg gjeng som reiser rundt og har fått oppleve mykje moro i det siste på grunn av den store hypen

Fotograf Rainer Kleive har dokumentert karriera til kameraten Per Áki Sigurdsson Kvikne frå starten.