Venner kan også slå opp med deg


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Er det slik at vi mister alle vennane våre når vi blir vaksne? Det er kanskje ein klisjé, men det er noko eg har tenkt mykje på i det siste. Eg har blitt kjent med så mange, men kjenner så få.

Ein studie frå 2016 viser at vi får fleire og fleire venner fram til vi er rundt 25 år, men at vi då startar å miste kontakten med dei fleste. Dette treng ikkje berre å vere negativt.

Forskarane meiner grunnen til funna er at vi heile tida er på jakt etter nye venner og nye opplevingar fram til midten av 20-åra, men at vi då vel å slå oss til ro med nære venner.

Som 24-åring kjenner eg likevel meir på tapet av gode venner, enn det å ha funne gode venner eg kan vere meg sjølv med.

Vennskap er meir enn sjeldne kafébesøk

Slik eg ser det er vennskap meir enn å gå på kafé saman eit par gonger i halvåret. Meir enn eit tørt handlingsreferat frå ferien. Vennskap handlar om å ha nokon å dele livet med, i større eller mindre grad. Å dele gleder og sorger med, nokon ein kan vere seg sjølv saman med.

Foto: Mira Pangkey / Flickr / CC BY-NC-ND 2.0

Les også: Det må vere lov å vere negativ 

No er det ikkje slik at eg hadde så mange venner då eg var lita, men det var lettare å bli kjent med folk då. Det var liksom lett å treffast, lett å komme tett på. Og så flytta vi ikkje til andre sida av landet eller jordkloden like hyppig heller.

Flytting skapar flyktige vennskap

Det var ei unik oppleving å gå på folkehøgskule i Danmark, og eg har aldri angra på dette valet. Det var ein internasjonal skule og eg fekk venner frå heile verda. Det fekk eg også då eg valde å busette meg i Frankrike, Tanzania og Trondheim. Men no bur eg ikkje i Frankrike, Tanzania eller Trondheim.

Så dei menneska eg vart kjent med der, frå både inn- og utland, dei kjenner eg ikkje lenger. Det betyr sjølvsagt ikkje at minna er borte. I mi verd er alle menneskemøte nokså verdifulle, og eg tenkjer ofte tilbake på dei menneska som har gjort intrykk på meg sjølv om eg ikkje har dei i livet mitt lenger.

Men eg treng jo også nokon her og no. Det er berre ikkje det same, når alle bruker tida si på karriere, dating og Facebook.

Vennskap kan også ta slutt

Det er ikkje berre kjærasten din som kan slå opp med deg. Venner kan også slå opp med deg, og det skjedde med meg. Eg stoler ikkje så mykje på venner lenger. Ikkje etter det. Er liksom klar over at alt kan ta slutt.

Det er ikkje sant at dei det er verdt å ta vare på blir i livet ditt.

Det er ikkje sant at dei det er verdt å ta vare på blir i livet ditt. For den personen eg hadde det best med, bestemte seg for å dumpe meg som venn heilt ut av det blå. Sjølv om eg framleis er såra, er det vanskeleg å la vere å samanlikne nye vennskap med det vi hadde, som var sterkare og nærare.

Og når vennskap tar slutt, får du ikkje den same støtta som om det var kjærasten din som gjorde slutt med deg. Det er liksom ikkje ein del av kulturen vår, du fell utanfor rammene.

Les også: Dumpa på Snapchat 

Vennskap er like viktig som kjærleik

I media og kvardagen blir romantisk kjærleik servert som løysinga på alle problem, og som det mest givande du kan oppleve.

Eg trur det gjer at ein lett kan bli skuffa. Det er kjipt å vere den personen som kuttar kontakten med alle for å henge med kjærasten sin, og som står åleine igjen når det tar slutt.

Les også: Endeleg kjem bygde-Skam

Har ein fleire menneske å spele på, er det ikkje katastrofalt om partneren din er like menneskeleg som alle andre.

Eg slår eit slag for menneskelege vennskap. For besøk i rotete hus, korte og meiningslause telefonsamtalar og ferdigpizza til fredagsbesøket.