Klimaendringar kan føre til sjukdomsspreiing
Forskarar trur klimaendringar kan gjere at myggen tek med seg mellom anna zikavirus, denguefeber og malaria til Europa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Klimaendringar gjer at myggen vil trivast betre i Europa, og det kan føre til smitte av dødelege sjukdomar, skriv Nationen. Insektforskar Hans Jørgen Overgaard ved NMBU meiner høgare temperaturar vil føre til større utbreiing av myggen.
– Får vi høgare temperaturar vil myggen kunne leve lenger og parasitten i myggen utvikle seg fortare. Det er heilt klart at varmare vêr vil gi betre vilkår for malaria og dengue både i område som ligg høgare over havet, og på nordlegare breiddegrader, seier han.
Han seier òg at ekstremvêr gir betre levevilkår ved å gi betre klekkeforhold.
- Kor mykje kontroll har du på insektsverda? Sjekk om du kan forskjellen på ei bie, ei humle og ein kvefs!