Høgre meiner Lånekassen må reformerast
Lånekassen ser at det er naudsynt med endringar og å tilpasse seg nye kundegrupper, noko Høgre er samd i.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nina Schancke Funnemark er administrerande direktør i Lånekassen og meiner Lånekassen kan bidra til å sikre vidare- og etterutdanning for nye kundegrupper, skriv E24.
– Det er snakk om den vaksne, i jobb, som må fylle på kompetanse for å halde seg relevant i arbeidslivet. Eller den vaksne eleven som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, men som treng det for å vere attraktiv på arbeidsmarknaden, seier Funnemark.
Kompetansepolitisk talsperson i Høgre, Mathilde Tybring-Gjedde, er einig med Funnemark. Ho peikar på at ordninga i dag stort sett er tilpassa studenten som tek ei bachelor- eller mastergrad på fulltid.
– Dersom vi skal sikre at folk står i arbeid lenger og at kompetansen ikkje går ut på dato, treng vi betre ordningar for livslang læring, seier ho.
- Les også om dei to karane som vart leie av bank og frilansliv og heller starta på sjukepleien: – Eg sat jo berre inne på eit kontor heile dagen, dei andre var ute og møtte folk

Frå venstre: Sondre Vanvik og Sjur Førland ser fram til å jobba som sjukepleiarar.