Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Du vert van til ein hektisk kvardag med høgt tempo, men samstundes er det veldig kjekt å kunne vere med på så mange forskjellige ting, fortel Karoline Bastesen Dale.

Heilt sidan 29-åringen var lita har ho visst at ho vil jobbe med sminke.

Det er ingen formelle utdanningskrav til å verte sminkør, men Dale har eitt år frå FACE Stockholm Makeup School. Det er den første makeup-skulen som vart godkjend fagskule her til lands, og har i dag utdanningstilbod både i Bergen og i Oslo.

No er ho fast sminkør i kulissane hjå TV 2, samstundes som ho tek på seg frilansoppdrag.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen? 

Eg er ei kreativ sjel, og har sidan eg var lita visst at eg ville jobba med sminke.

Når eg sminker folk ser eg på ansiktet deira som eit slags kvitt lerret, kor eg har alle slags mogelegheiter til å skape det eg vil. Eg synest det er utruleg kjekt å kunne til dømes framheve augo til folk ved hjelp av fargar, og ikkje minst utruleg kjekt å sjå gleda i augo til menneske eg sminkar når eg ved hjelp av berre små grep får dei til å føla seg freshare.

Eg er ikkje nokon fan av mykje sminke, med baking og lag på lag med foundation og concealer, og heile den sulamitten der. Men eg likar godt når ein kan framheve den skjønnheita som allereie er der med å bruka minimalt med sminke.

– Svarte det til forventningane? 

Ja absolutt! Eg kosar meg verkeleg på jobb!

Både på TV 2 og når eg er ute på oppdrag og jobbar. Eg får stadig utfordra meg sjølv, oppleve nye ting, nye plassar, og blir kjent med mange nye menneske.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut? 

Har eg tidlegvakt begynner eg å sminka sportsankeret, så eit økonomi-anker, så eit nyheitsanker, og etter dette vêrpresentatøren. Etter kvart som folk er ferdig sminka går eg ned i studio mellom sendingane og gjer touch up på dei slik at dei er klare for ny sending. Elles sminkar vi også alltid gjester som kjem i studio.

På ei seinvakt begynner eg med eit sportsanker, eit nyheitsanker, og eventuelt diverse fotballekspertar om vi har fotballsending den kvelden. Her går vi også inn og ut av studio, og gjer touch up på dei undervegs.

Siren Henschien og Kjetil Iden er snart klare for sending. Foto: Karoline Bastesen Dale

Vi ordnar alltid både hår og sminke. På damene reknar vi 45 minutt, medan det tek mellom 5-10 minutt å fikse mennene. Elles har eg ansvar for å setje opp sminketida til alle, og lagar lister veke for veke med kven som arbeider, kva fotballproduksjonar eller eventuelle sportsproduksjonar vi har, kven som er i studio, når dei skal kome til sminken og når dei skal på sending.

Elles jobbar eg også ein god del frilans, så av og til sminkar eg for eit kjøpesenter, klesmerke, filminnspeling, utdrikningslag, ball, konfirmasjon, julebord og bruder. Desse dagane kan vera veldig varierande, kor eg kan stå i timesvis å sminke utan pause.

– Førebudde utdanninga deg på yrket? 

Ja, det synest eg. I og med at eg gjekk eit heilt år, gjekk lærarane grundig gjennom korleis det var å jobbe ute som sminkør: kva som vart forventa av oss, og kor viktig det er å vere profesjonell, punktleg, ansvarsfull og audmjuk.

– Kva er det beste med jobben? 

Litt pudder må til også for Kjetil Iden. Foto: Karoline Bastesen Dale

Det er vel kanskje at eg får møte så mange nye menneske. Når du jobbar så nært folk blir du veldig godt kjent med dei, så eg har fått nokre utruleg gode vennar her på TV 2.

Elles er det det å få oppleve så mykje, reisa rundt, og at ingen dagar er like. Struktur finst ikkje i kvardagen min, då eg kan gå frå tidlegvakt til oppdrag til seinvakt og til oppdrag igjen.

Så ingen veker er like, og dagane mine kan gå veldig i eitt, men det er slik eg likar det. Hadde eg hatt ein vanleg 08-16-jobb trur eg kanskje eg hadde kjeda meg fort.

– Kva er det mest utfordrande? 

Det må kanskje bli når ein har dårleg tid, men samstundes vil ha eit bra resultat.

Eg kan ofte ha 5-10 minutt på å ordne hår og sminke på ei dame. Då er det berre å brette opp ermane og jobba effektivt.

Elles kan det vere utruleg utfordrande å jobba på filmsett. Der har ein ofte dårleg tid. Mange skal sminkast, i tillegg til at ein kan stå timesvis ute i skikkeleg dårleg vêr utan å ha mogelegheit til å gå på toalett eller få i seg mat. Ein må alltid følgje med i monitoren for å sjekke kontinuitet, og då kan ein ikkje forlate filmsettet før alt er ferdig.

– Kven passar yrket for? 

Yrket passar for dei som er målbevisste, taklar ein hektisk kvardag, kan jobba under press, er audmjuk, taklar kritikk og som har eit auge for sminke og korleis ein kan bruke sminke for å framheve, men òg dempe ting.

Ein må ha ei forståing for andre sitt ansikt, klare å sjå symmetri, og forstå at alle er forskjellige – så ein kan ikkje bruka dei same teknikkane, produkta og fargane på alle. Du må også vere løysingsorientert, for du kan koma opp i veldig mange situasjonar der du kanskje ikkje har det du treng, så du lyt rett og slett improvisere.

Det er også viktig å vere reinsleg – å ha god hygiene er utruleg viktig!

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben? 

Vêrpresentatøren Kristina Kvistad Hustad får siste touch up i studio før sending. Foto: Karoline Bastesen Dale

Det viktigaste av alt er kanskje å verte god på beauty-makeup. Naturleg fin hud med lett glød, naturleg fin augeskugge, naturleg fine bryn som er symmetriske, og ein lett og fin liner.

Eg ser ofte mange som vert for opphengde i baking-teknikk, mykje foundation og augeskugge, og dei slit ofte dersom kunden vil ha ein lett makeup.

Det er òg viktig å hugse på at det er kunden som bestemmer, og du må klare å forstå kva kunden ønsker. Kom presis til oppdrag, ha alltid reine kostar, og vis at du har god hygiene når du jobbar. Eg har nesten gjeve stryk-karakter på eksamen til ein elev på grunn av skitne kostar, så dette er noko bransjen er veldig nøye og streng på.

Ver engasjert, hjelpsom, og ta initiativ. Du kan til dømes tilby deg å halde reflektoren for fotografen.

Ein må vere litt på i byrjinga, ofte ta eit par gratisoppdrag for å vise kva du kan, men samstundes er det lett å bli utnytta. Mange tenker at dei kan spara inn pengar på ein nyutdanna sminkør, men eg hadde som ein regel at om dei andre fekk betalt, skulle eg ha betalt òg. Ofte jobbar alle gratis, som til dømes på enkelte velgjerdsopplegg, og då er det heilt greitt. Om eg sjølv spurde om å få vere med på eit oppdrag og tilbaud meg å gjere det gratis, så kravde eg så klart ikkje betaling.

Du må finne ut kva du ønsker å prioritere å bruke tida di på, og om eit eventuelt gratisoppdrag kan gje deg ein inngang til noko meir seinare.

Det er òg viktig å ha litt is i magen, vere tolmodig og forstå at du ikkje kan bygge deg opp over natta. Det tek tid å skape seg eit nettverk og kontaktnett. Få ut det du kan, promoter deg sjølv, vis at du kan, og ha tru på deg sjølv! Føler du at du ikkje har heilt kontroll, så lat som du har full kontroll. Då får folk tillit til deg uansett, og vert stort sett fornøgde til slutt.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Det er litt vanskeleg å svara på. Eg har jobba lenge med dette no, og opplevd utruleg mange spennande ting, så det er litt vanskeleg å setje fingeren på ei spesiell episode.

Karoline Bastesen Dale

Alder: 29

Frå: Frekhaug i Hordaland

Yrke: Sminkør

Utdanning: 1 år på Face Stockholm Makeup School