Forskarar fryktar at halloumi kan gi antibiotikaresistens

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har dei siste åra vore ein eksplosiv auke i importen av halloumi til Sverige, i takt med at fleire og fleire et vegetarmat.

Medan det i 2010 vart importert 21 tonn halloumi til Sverige, vart det i fjor importert 4.000 tonn. Dette eit ikkje uproblematisk, åtvarar forskarar.

Les også: Forskarar tilrår kraftige kutt i forbruket av raudt kjøtt. Men blant norske kommunar er det under sju prosent som har innført vegetariske dagar.

Kypros er antibiotika-versting

Osten blir produsert på Kypros, som er det verste landet i Europa når det gjeld bruk av antibiotikum på dyr.

Medan norske dyr i snitt får 2,9 milligram antibiotikum per korrigerte dyreeining, minst i Europa, får dyr på Kypros 453 milligram, ifølgje SVT.

– Problemet er at risikoen for antibiotikaresistens aukar, seier Elina Åsbjer, som er veterinær ved Centrum för djurvälfärd ved landbruksuniversitet i Sverige.

Les også: Ein fersk rapport tyder på at kjøtt slik me kjenner det er på full fart vekk

Vel produkt frå andre land

Det er uklart kor mykje antibiotikum som blir gitt til dyr som blir nytta i produksjon av halloumi, og osten i seg sjølv er ufarleg å ete. Åsbjer ber likevel forbrukarane tenkje nøye gjennom innkjøpa sine.

– Det er bra at vi har eit aukande medvit blant forbrukarane, slik at ein kan påverke ved hjelp av kjøpekrafta. Ein bør heilt enkelt velje produkt som kjem frå land som har eit lågare antibiotikaforbruk, seier ho.

– Over 30.000 menneske døyr årleg i Europa som følgje av infeksjonar som kjem av antibiotikaresistente bakteriar, som ikkje kan behandlast. Så dette er ein trussel mot folkehelsa, seier Åsbjer.

Les også: Berre ti kommunar i Noreg seier dei har skular med sin eigen skulehage der elevane kan dyrka mat. Men no melder Norsk Skolehagelag om aukande interesse.

 

– Eg synest det er gøy å plante, og sjå plantene vekse, seier Sebastian Kärtstedt (10). Saman med Aliza Butt (10) og Amelia Asar Chadnry (11). Alle foto: Christian Gjerde