Eli Kari Gjengedal fekk pris på direkten

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er heilt overvelda. Eg er så stolt og glad og rett og slett overraska over at eg har fått ein sånn pris. Det har vore ein gledens dag, seier Eli Kari Gjengedal på telefon til Framtida.no.

Tysdag avslørte Kringkastingsringen årets pris direkte på TV 2 Nyhetskanalen.

Redaksjonssjef for vêret på TV 2 Eli Kari Gjengedal er den første vêrmeldaren som får Kringkastingsprisen, som vart delt ut første gong i 1978.

– Det er utruleg kjekt for alle oss som jobbar med vêrmelding, for me er jo ein litt «snoten» gjeng som fell litt mellom to stolar så å få litt heider og ære for vêret synest eg er heilt fantastisk, sa prisvinnaren under sendinga.

Tidlegare har profilar som Are Kalvø, Ingvild Bryn, Arill Rise og Ingrid Espelid Hovig fått prisen.

– Viktig å vere stolt av dialekta si og ikkje gøyme den vekk

Kringkastingsprisen vert delt ut årleg til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

– Kva trur du det betyr for folk at du er så bevisst på språk og dialekt?

– Eg håpar jo at folk ser på det som eit forbilde i forhold til å vere seg sjølv, prate slik ein pratar, og å prøve å vere stolt av dialekta si og ikkje prøve å gøyme den vekk, seier Gjengedal til Framtida.no.

– Språket er ein stor del av identiteten vår, og det å få lov å vere seg sjølv fullt og heilt er viktig. Så om eg kan vere med å bidra til at det er heilt greitt å prate dialekten ein pratar, så er det fantastisk bra.

Syng på dialekt og meldte veret på samisk

Den trygge dialektbruken er mykje av grunnen til at Gjengedal, som kjem frå Leikanger i Sogn og Fjordane har fått den gjeve prisen.

I grunngjevinga har Kringkastingsringen løfta fram korleis prisvinnaren på klingande sognemål har meldt om regn, sol, sludd og frisk bris.

I 2009 song ho vêrmeldinga på melodien til Ola Tveiten, sjølvsagt på dialekt, og som del av markeringa av samane sin nasjonaldag i februar i år, imponerte ho med å framføre meldinga i sin heilskap på samisk.

Gjengedal fortel at vêrmeldinga på samisk vart svært godt motteke av sjåarar med samisk bakgrunn.

Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal fekk nyheita om prisen direkte på TV 2 Nyhetskanalen. faksimile

– Viktig å ta mangfaldet på alvor

Eli Kari Gjengedal fortel at ho ofte får skryt av at ho er så flink å behalde dialekta, men sjølv tek ho det som ei sjølvfølge.

– Eg kjem frå Leikanger i Sogn, og blir alltid like overraska når folk gir meg skryt for det. Eg er berre meg sjølv og pratar som eg alltid har prata.

Gjengedal har nynorsk som hovudmål, men har òg skrive bøker på bokmål. Hovedfokuset hennar er mangfaldet i språket.

– Det er viktig å ta mangfaldet på alvor. Det er like fint å bruke bokmål, som det er fint å skrive nynorsk, som det er fint å bruke samisk. Det viktige er at vi har fleire målføre både munnleg og skriftleg, seier Gjengedal til Framtida.no.

Stolt redaksjonssjef

I tillegg til å nytta dialekta på skjermen skriv ho òg god og konsekvent nynorsk i si faste laurdagsspalte i Dagbladet. Etter å ha skrive den første spalta på bokmål reagerte lesarane så sterkt at riksavisa Dagbladet, som til dags dato praktiserer forbod mot nynorsk, valde å ha spalta på nynorsk.

Redaksjonssjef i TV 2 Nyhetene, Silje Hovland, meiner Gjengedal i aller høgste grad fortener prisen.

– Dette synest me i TV 2 er veldig stas! Ikkje minst at Kringkastingsringen anerkjenner at òg i vêrmeldinga så er språk viktig. Eli Kari har i alle år hatt eit svært bevisst forhold til språkbruken sin og ivareta nynorsken slik at det er med på å løfte formidlinga av vêret til det norske folk. Så det er hyggjeleg at ho blir anerkjent for dette arbeidet, seier Hovland til TV 2.