Rekordfå vel kyrkjeleg konfirmasjon

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då målingane starta i 2001, valde 68 prosent av 15-åringane kyrkjekonfirmasjon.

Samtidig skyt delen humanistiske konfirmasjonar i vêret. I 2018 vart 19 prosent av 15-åringane konfirmert i Human-Etisk Forbund, og ny rekord blir venta i 2019.

Les også: Konfirmantane får 2000 kroner mindre av foreldra i år 

Nedgang i kyrkja

– Dei siste ti åra har delen som konfirmerer seg i Den norske kyrkja, sokke jamt og trutt. Særleg sidan 2011 ser vi ein bratt nedgang i delen som vel kyrkjekonfirmasjon, seier Øyvind Bolsgård, seniorrådgivar i seksjon for utdannings- og kulturstatistikk i SSB.

Tala er del av ein større trend rundt kyrkjedeltakinga. Fleire melder seg òg ut av kyrkja, færre går i gudsteneste og færre blir døypte og giftar seg i kyrkja.

I fjor var det for første gong fleire som gifta seg borgarleg enn kyrkjeleg, og medan 73,9 prosent av alle fødde barn vart døypte i 2006, hadde delen dalt til 51 prosent i 2018.

Les også: – Berre dei tøffaste som ikkje seier kva dei fekk til konfirmasjonen

Færrast kyrkjekonfirmantar i Oslo

Sogn og Fjordane er fylket med høgast del kyrkjekonfirmantar, med heile 82 prosent. Nabofylket Møre og Romsdal følgjer på andreplass med 74 prosent, og Oppland er fylket med tredje størst del – 69 prosent.

Lågast del kyrkjekonfirmantar er det i Oslo, der berre 27 prosent av 15-åringane vart konfirmerte i kyrkja i fjor.

Gud eller pengar? Dette betyr kristeleg konfirmasjonen for ungdomen:

konfirmasjon

Sadia Moon Sultana, Lene Gilje Sæverud, Hedda Geitung Håvik og Karoline Røksund har forska på religionsliv og konfirmasjon før og no på Bømlo. Foto: Svein Olav B. Langåker