Kristen studentleiar foreslår muslimsk heilagdag

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Yrke følgjer opp eit nyleg utspel frå prestane Einar Gelius og Per Anders Nordengen om at det er for mange kristne høgtidsdagar. I eit intervju med Klassekampen foreslår studentleiaren å byte ut dei såkalla andredagane (andre juledag, andre påskedag og andre pinsedag).

– Den internasjonale kvinnedagen 8. mars, verdsmiljødagen og id al-fitr eller id al-adha er gode alternative offentlege høgtidsdagar, seier Yrke.

Nestekjærleg handling

Ho viser blant anna til at andredagane er ei etterleving frå den tida då mange trong ein ekstra dag på å komme seg til kyrkja. I tillegg meiner ho at det vil vere ei nestekjærleg handling å gi muslimane ein fridag.

– Vi kristne er kalla for å kjempe dei svakes sak. Vi som er majoritet, må gi dei den dagen, dersom dei nokon gong skal få den, seier Yrke.

SJOKKERT: Stortings- og bystyrerepresentant for Frp i Oslo Mazyar Keshvari spør om dei som stiller seg bak forslaget verkeleg er kristne. Foto: Reynir Johannesson/FrP, Cc-commons

Leiaren av Oslo Framstegsparti og vara for Siv Jensen på Stortinget, Mazyar Keshvari, er sjokkert over utspelet.

Ikkje begeistra

– Ein kan med rette spørje om såkalla prestar og kristne som bevisst og aktivt jobbar for å fjerne kristendommen og dens relevans for å innføre islamsk innverknad og dominans, verkeleg er kristne og tener herren eller heilt andre krefter, seier han til Klassekampen.

Heller ikkje visepresident på Stortinget Abid Raja (V) er særleg begeistra.

Abid Raja (V) meiner forslaget skaper meir uro enn fellesskap. Foto: Venstre

– Slik bytehandel til fordel for muslimar, blir ei særordning, og ærleg sagt så skaper det heller uroleg grobotn enn fellesskapsbygging, seier han.