Ja til meir språkkompetanse, nei til bjørnetenester!

Erling Løklingholm Leivestad, leiar Sumarøyo målungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Meiningsinnlegget stod først på trykk hjå Sunnhordaland.no, og er gjengjeve med løyve frå forfattaren.

Den nye læreplanen i norsk må leggja til rette for betre språkkompetanse hjå elevane, og særleg gjera nynorskundervisninga betre. Når Kunnskapsdepartementet føreslår ei mildare vurdering i sidemål enn i hovudmål i den nye læreplanen, gjer dei elevane ei bjørneteneste.

I tekstane om vurdering i framlegget til ny læreplan, står det konsekvent frå 10. trinn til VG3 at lærarane skal vurdera sidemålstekstane snillare enn hovudmålstekstane. Dette kan i verste fall føra til færre nynorskbrukarar, og vil føra til mindre nynorskkompetanse i det norske samfunnet.

Med lik vurdering får elevane som i røynda kan både nynorsk og bokmål god utteljing for det på vitnemålet. Med ei mildare vurdering i sidemål, treng ein ikkje læra begge skriftspråka godt for å få den same utteljinga på vitnemålet. Dette vil i realiteten føra til mindre nynorskkompetanse, stikk i strid med det samfunnet treng. I eit land med både nynorsk og bokmål, treng me at framtidas borgarar både tek del i kunnskapen og danninga det er å kunna begge skriftspråka.

Dette vil i realiteten føra til mindre nynorskkompetanse, stikk i strid med det samfunnet treng

Læreplanframlegget til Kunnskapsdepartementet er ikkje ein læreplan for nynorskelevane. Nynorskelevar lærer bokmål vel så godt som nynorsk, sidan dei vert eksponerte for bokmål allereie i barnehagen, og i heile oppveksten i samfunnet utanføre skulen.

Allereie i dag byter mange nynorskelevar hovudmål til bokmål, fordi mange lærarar vurderer på ein slik måte at det løner seg å ha nynorsk som sidemål viss ein meistrar både nynorsk og bokmål. Ved å læreplanfesta denne vurderingspraksisen, kan dette språkskiftet skyta fart. I staden for eit insentiv til å byta språk, treng nynorskelevane å verta meir eksponerte for språket sitt, slik at dei får høve til å verta trygge nynorskbrukarar.

Nokre meiner det er utopisk at elevane skal kunna både nynorsk og bokmål godt, og at ein er nøydd til å vurdera mildare i sidemål. Dei tek feil, og det er nynorskelevane prov på. Nynorskelevane greier fint å læra begge skriftspråka godt. For at bokmålselevane skal få den same kompetansen må dei starta sidemålslæringa tidleg. Det er når ein er ung at ein lærer språk best, og det gjeld òg nynorsk.

Ved å læreplanfesta mildare vurdering i sidemål, læreplanfestar ein at elevane skal få dårlegare kompetanse. I staden bør læreplanen leggja opp til at elevane får god kompetanse i begge skriftspråka, gjennom tidleg start med sidemål og meir eksponering for nynorsk gjennom heile skulegangen, både for nynorsk- og bokmålselevane.