Målungdommen krev at studentsamskipnadene må følgja mållova

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landstyret i Norsk Målungdom ber om at lova om studentsamskipnader blir endra slik at samskipnadene blir omfatta i mållova. Dette skriv dei i eit brev til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Organisasjonen meiner det er mykje som talar for ei slik lovendring. Det blir peikt på at studentsamskipnadene spelar ei viktig rolle rundt i norske universitet og høgskular. Blant anna på grunn av at dei driv mange tilbod for studentar.

– Bør følgja statleg språkpolitikk

Studentsamskipnadane står i ei særstilling som ein mellomting mellom eit offentleg tilbod,og ein privat og ideell aktør, seier Målungdommen. Likevel strekar dei under at banda til det offentlege er sterke.

– Dei driftar mange tilbod som liknar dei offentlege tilboda, og dei er delvis finansierte over skattesetelen. Dessutan er det staten som kan oppretta, avvikla og slå saman samskipnader, står det i fråsegna Norsk Målungdom har sendt til statsråden.

Vidare i fråsegna står det at dei meiner difor at studentsamskipnadene er såleis tett knytte til det offentlege, og det er difor ikkje urimeleg at dei skal følgja språkpolitikken til staten.

STATLEG SPRÅKPOLITIKK: Studentsamskipnadane er til for studentar frå heile landet og er tett knytte til det offentlege. Difor er det rimeleg at dei følgjer statleg språkpolitikk, meiner Norsk Målungdom. Foto: Frank May / NTB scanpix / NP

– Viktig for nynorskbrukarar

Den aller viktigaste grunnen til at studentsamskipnadene bør følgja mållova er likevel at dei er til for både nynorsk- og bokmålsbrukarar, meiner organisasjonen. Målungdommen menier at slik situasjonen er i dag, skriv studentsamskipnadene nesten berre på bokmål. Det meiner dei er svært uheldig.

– Når nynorskstudentane ikkje får sjå språket sitt i studiekvardagen, blir det vanskelegare å halda på nynorsken. Det kan verka som om språket ikkje er brukande på alle samfunnsområde.

Det skriv leiar Fredrik Hope og sentralstyremedlem Åsmund Kvifte i eit lesarinnlegg, publisert mellom anna på Framtida.no.

Les også: Bergen har størst nedgang i talet på nynorskelevar

Mange studenter byter til bokmål

Dei peikar på at mange nynorskbrukande studentar i studietida byter til bokmål. Dersom studentsamskipnadane blir underlagt mållova, trur dei at nynorsken vil bli meir synleg på universitet og høgskular. Det tenkjer dei vil vidare føre til at det blir lettare for fleire å halda nynorsken.

– Vi vil no følgja saka opp med politikarar på Stortinget, seier Fredrik Hope til Nynorsk pressekontor.

Han fortel at eit tilsvarande brev som organisasjonen har sendt til statsråden, òg har alt blitt sendt til nokre av medlemmene i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Les også: Snart kan du lesa til førarprøven på nynorsk