Senterpartiet vil krevje at studentsamskipnadane følgjer mållova
Onsdag la utdanningspolitisk talsperson i partiet fram representantforslag om saka.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi er opptekne av at begge målformer skal vere tilgjengelege og praktisk mogeleg å bruke i Noregs land. Vi har registrert at studentar synest at nynorsk ikkje er like lett å ta i bruk mange stader, seier stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand (Sp) til Framtida.no.
– Det vil vi ta tak i ved å utfordre samskipnadane til å ta i bruk målforma.
I spørjetimen onsdag fremja Strand, som er utdanningspolitisk talsperson i Senterpartiet, representantforslag om at mållova også skal gjelde studentsamskipnadane.
Representasjonsforslaget kan du lese her.
Dette gjorde ho på vegner av seg sjølv, Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete og Åslaug Sem-Jacobsen.
Vil løfte saka vidare

Det er naturleg å byrje med studentsamskipnadane om ein skal sikre nynorsktilgangen for studentane, meiner Marit Knutsdatter Strand (Sp). Foto: Stortinget.
– Det handlar om at studentar skal oppleve at vi tek tak i språkrettane deira, seier stortingsrepresentanten.
Strand var ein av politikarane som tidlegare i år mottok brev frå Norsk Målungdom. Organisasjonen sende brev til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og medlem i utdannings- og forskingskomitéen på Stortinget, der dei oppmoda om at også studentsamskipnadar lyt halda seg til mållova.
Per no er samskipnadane, ifølgje Lov om studentsamskipnader, eksplisitt unnatekne å fylgje mållova.
Strand rosar målungdomen for initiativet og for å løfte problemstillinga:
– Eg ser no som stortingspolitikar at dette er ei sak eg vil vere med å løfte vidare.
No håpar Senterpartipolitikaren at forslaget vert godt teke imot av studentskipnadane, og at ei eventuell høyring fører til sterke innspel.
Les også meiningsinnlegget: Studentsamskipnadene må sjå nynorskstudenten
Frukter av arbeidet?
– Vi synest det er veldig stas at det vert teke opp som eit representantforslag! seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.
Hope fortel Framtida.no at målungdomen har vore i møte med fleire representantar frå Senterpartiet, Strand inkludert.

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, kan hauste fruktene av brevskrivingsarbeidet. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne
Målungdomleiaren fortel at målet er å sikre studentar eksponering for nynorsk og mogelegheit til å halde på sitt eige skriftspråk:
– Hovudpoenget handlar om at det er er ein overgang for mange studentar som kjem frå trygge nynorskområde til bokmålsbyar der det er lite nynorsk i kvardagen.
Norsk Målungdom har tru på at dersom fleire møter skriftspråket sitt rundt seg vil færre byte når dei vert studentar.
Leiaren seier det nok finst fleire måtar å gjere dette på, men studentsamskipnadane er ein naturleg inngang.
– Studentsamskipnadane er tilsvarande det offentlege. Dei har mange statlege oppgåver og får statleg støtte. Dei er særlovsselskap som Vinmonopolet. Studentsamskipnadane er ein synleg aktør i studentkvardagen, og då bør ein kunne vente at dei skal ta i bruk ein viss del nynorsk og følgje staten si mållov, seier Fredrik Hope.