Regjeringa ønsker nye masterutdanningar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No vil regjeringa innføre fleire masterutdanningar for å sikre kompetansen til lærarane og gi dei betre jobbmoglegheiter.

Dei andre lærarutdanningane har vore femårige studieløp sidan 2017, mens faglærarutdanningane fram til no har vore treårige. I ei pressemelding frå regjeringa heiter det at kompetansehevinga mest truleg vil gjere det enklare for studentane å få jobb etter enda utdanning.

– Dei praktiske og estetiske faga hjelper elevane til å utvikle kreativitet og nytenking. Alle elevar skal ha lærarar med tilstrekkeleg kompetanse, seier utdanningsminister Iselin Nybø.

Les også: I dette faget manglar éin av tre lærarar formell kompetanse

Ingen grunn til forskjell i kompetanse og løn

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande seier at ho ikkje ser nokon grunn til at faglærarar i praktiske og estetiske fag ikkje skal ha like høg kompetanse eller løn som andre lærarar.

I den nye masterutdanninga er det foreslått 130 dagar praksis på dei fem åra. Minst 100 av dei skal vere rettleidd og vurdert praksis, medan universiteta og høgskulane skal sjølv bestemme innhaldet for dei siste 30 dagane.

Les også reportasjen som har sett nærmare på eksamensklagar, og funne ut: Ja, det løner seg å klage på karakterane!