Mawra Mahmood (26) elskar langrenn, driv moteblogg og brenn for at unge skal kunne nå sitt fulle potensiale.

mm
Faktaboks

Frå: Oslo

Alder: 26

Studerer/jobbar med: Jobbar som Financial Analyst

Favorittfag på skulen: Engelsk

Ulike verv: Tidlegare – Course Representative i The Department for Economics (University of Reading), økonomiansvarlig i studentrådsstyret ved SAM fakultet ved HIOA og MSS, Landsrådsmedlem RKU

Medlem i: (utanom Røde Kors Ungdom) Ingen

Kva gjer du i fritida/hobby: Masse småting, nyleg byrja med moteblogging på instagram (MawraEm), laga ein haldningsskapande film (Meg muslim – Nok om det), elskar langrenn, turgåing, sprell, utanom det går mykje tid til RKU

LES FAKTALUKK FAKTA

Då Mawra Mahmood starta i Røde Kors Ungdom for to år sidan gjekk ho rett inn landsrådet. I slutten av oktober vart 26-åringen valt til ny leiar ungdomsorganisasjonen. Ho tek over etter Espen Breivik, som har leia organisasjonen sidan 2014.

Me spurte den nyvalte leiaren kva ho brenn for og kor vegen går vidare.

Prestasjonspress, liding og naud
– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg

–Me ser at unge stadig slit med prestasjonspress, utanforskap, isolering og mykje meir. For meg, som føler at eg kan bidra som ein ressurs til å syte for at dei kan nå sitt fulle potensiale og føle den verdien andre ser i dei sjølv, er det viktig å ta eit standpunkt og engasjere seg. Me ser i tillegg at det er behov for humanitær bistand på fleire plan i verda i dag, vi lever i ei tid med masse naud og liding. Då er det viktig for meg å bidra der eg kan, slik eg kan best, svarar Mahmood.

Å sjå den positive innverknaden som dei frivillige har på lokalsamfunn og ungdommane der er spesielt motiverande for den nye Røde Kors Ungdom-leiaren.

Framover vil Mahmood jobbe for å auke støtta til lokallaga rundt om i distrikta, slik at dei kan betra tilboda til målgruppa. Ho lovar at organisasjonen vil halda fram med å avdekkja, hindra og lindra humanitære behov blant unge i Noreg.

– Vår satsing på einslege, mindreårige asylsøkjarar er ei sak som er fundamental. Dette er ei sårbar gruppe der det er spesielt behov for at nokon talar deira sak. Difor er det viktig at vi i Røde Kors Ungdom klarar å opplyse ungdom i landet om migrasjon og migrasjonspolitikk og korleis vi kan ta vare på menneskeverdet, meiner Mahmood.

LES OGSÅ: Gler seg over at mange unge vil hjelpa

Av, for og med ungdom
Kvifor er det bruk for Røde Kors Ungdom i Noreg?

– Dagens ungdom lever med store utfordringar når det kjem til psykisk hele og press. Mindreårige asylsøkjarar er spesielt sårbare fordi dei er i ein spesiell livssituasjon. Vi er av, for og med ungdom. Det ligg ei heilt anna slagkraft i å ha ungdom som driv sosiale møteplassar, som er med på inkluderingsarbeid, legg til rette for å skapa sosiale nettverk, som set viktige humanitære spørsmål på agendaen og påverkar kommunar og andre lokalsamfunn til det betre og er med på å forme si eiga framtid. Alt dette er det behov for i dagens Noreg, og alt dette driver vi med i heile landet.  

Røde Kors Ungdom anno 2016 har eit breitt interessefelt, som strekker seg frå psykisk helse, diskriminering, ekskludering, samtykkekompetanse, grensesetting og kjønnsnormer, til mottaksarbeid, rettstryggleik, menneskehandel, flukt og klima.

–Det er viktig å ha ei breiare forståing av menneskelege lidingar som følgje av krig og konflikt – og ikkje minst klima. Fram mot valet og med dei store utfordringane vi har måtta teke tak i i Noreg det siste året er det eit stort behov for å ta ei sterkare rolle i den offentlege debatten, meiner Mahmood.

LES OGSÅ: Ungdom krev handling i flyktningkrisa

Rettferd for alle
Så kva er idealsamfunnet?

–Idealsamfunnet er eit samfunn der hat og urettferd er så nedtrykt at det vert sett på som forhistorisk. Der det er aksept for alle uansett korleis dei er, og der det å løfta medmenneske og menneskeverdet er første prioritet i kvardagen til alle, for det skal være implisitt.

LES OGSÅ: Slik kan du bidra til integrering

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

Kommentarar

ANNONSE