Livet som designstudent i «This is it»
2. april er det premiere på dokumentarserien «This is it» på NRK TV. Serien er omtala som ei av NRK sine storsatsingar i vår.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I serien, som er regissert av Christian Scharning, får sjåarane følge sju unge designstudentar frå Kles- og kostymedesign ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO).
– Det er uhyre vanskeleg å komme inn på dette studiet, og ei høgst usikker framtid ventar designspirene i det «verkelige livet» etter at dei er ferdig utdanna, seier regissør Christian Scharning i eit intervju med NRK.
I serien får vi følge studentane gjennom det siste semesteret på Kunsthøgskolen, og eit år inn i arbeidslivet etter at dei er ferdig utdanna.
– Desse studentane jobbar med dei store spørsmåla: Kven er eg? Korleis vil eg leve livet mitt?, seier Scharning til NRK.
«Feministisk», «politisk» og «grensesprengande»
Ein av dei sju studentane i serien, er Elnaz Gargari.

Elnaz Gargari. Foto: Robert Rønning/NRK
Ho har allereie rukke å bli eit namn for moteinteresserte, da ho under moteveka i København i fjor, vann 1. plass under talentkonkurransen «Designers´ nest».
Gargari har sjølv bakgrunn frå både Noreg og Iran, og ser difor kulturane våre i eit anna perspektiv enn om ho hadde budd i Noreg heile livet.
Det speglar òg designet hennar. Under «Designers´nest», vart designen omtala som «feministisk», «politisk» og «grensesprengande».
Les også: Fotballserien «Heimebane» hadde premiere på bortebane
Samanlikna korleis ein framstiller kvinner i Vesten og i Iran
«Vinnaren har skapt ein kolleksjon med grenselaus mote som bevegar seg forbi kjønn og geografi» (…) Det er ein demonstrasjon i kvinneleg kraft», sa juryen blant anna da dei begrunna valet av vinnar.

Fra kolleksjonen til Gargari under avgangsvisninga i 2017. KHiO. Foto: Hanne Erøy
Vinnaren sjølv fortalte at det handla om objektivisering av kvinner frå to ståstader.
– Eg såg først på korleis kvinner i Vesten blir objektivisert, og deretter samanlikna eg det med media sin sensur av kvinner i Iran, der kvinner blir dekka heilt til. Begge delar er jo objektivisering av kvinner, berre på to forskjellige måtar, sa Gargari til Dagbladet da ho vann prisen i august i fjor.
Dei seks andre studentane i serien, er Alva Brosten, Sigurd Braathen Dalen, Lars Terje Gudem Hansen, Aleksander Sahr, Eldbjørg Sved Skottvoll og Thalia Steffensen. Frå 2. april får du sjå korleis det går med dei alle i avslutninga av studielivet og i stargropa av karriera som designar.
Les også: Billedkunstnar Elin Glærum Haugland fulgte draumen og reiste til Amazonas