Likevel vil staten og kommunane at næringa berre skal veksa.
Jon Hustad, Dag og Tid
Jon Hustad, Dag og Tid

Saka var først publisert i Dag og Tid.

Kva skal vi leva av etter oljen? Sei det, men mange meiner at turismen som er sterkt veksande i Noreg, skal verta den nye oljen. Eller som ordføraren i Kåfjord, Svein O. Leiros, seier det til avisa Framtid: «Hvis regjeringa tror at reiseliv skal bli den nye oljen, så må de legge penger på bordet.» Leiros sa dette av di han meinte at det var sett av for lite pengar og merksemd til nasjonale turstiar i Reiselivmeldinga. Der har kanskje Leiros rett i. Derimot vert det skrive nokså mykje om cruisenæringa i meldinga. Ho vert nemnt 32 gonger. Så lat oss sjå nærare på cruisenæringa, den raskast veksande forma for turisme i Europa.

Nemnd i Reiselivmeldinga vert også Innovasjon Norge. For dei har nemleg laga ein rapport om cruisenæringa, fortel meldinga. Innovasjon Norge er glad i turisme og spesielt i cruisenæringa, som dei gjev ut ein årleg rapport om. Er satsinga på cruisenæringa lur? Ja, hevdar Innovasjon Norge: «Cruisenæringen er blitt en stor og viktig del av norsk reiseliv», står det å lesa i den siste rapporten, der dei hevdar at kvar person som går i land, nyttar 860 kroner på likt og ulikt når båten ligg ved kai. Sidan det i 2016 var 2,7 millionar dagsvitjingar av cruiseturistar i Noreg, vert det heile 2,3 milliardar i forbruk frå cruiseturistar. Ja, skal vi tru tala, la cruiseturistane att 267 millionar i vesle Geiranger åleine, om vi går ut frå at dei berre gjekk i land éin gong under opphaldet der. Det lyt ein seia er litt imponerande for ei bygd som berre har 238 fastbuande.

Trur ikkje på svaret

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid, og vann Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2016.

Ein som er djupt usamd i påstandane frå Innovasjon Norge, er professor Svein Larsen ved Universitet i Bergen. Han har publisert fleire internasjonale studiar av kor mykje cruiseturistar nyttar når dei går i land. Funna hans samsvarar med liknande forsking i utlandet. 10.000 turistar har vorte intervjua om forbruk, og Larsen og forskargruppa hans kjem til at gjennomsnittsturisten ikkje nyttar 860 kroner, men 300 kroner når dei går i land. Tala til Larsen syner at 80 prosent ikkje nyttar pengar på lokaltransport, 66 prosent var ikkje på kafé og 91 prosent hadde heller ikkje vore på pub eller bar. Meir enn halvparten av turistane nytta mindre enn 200 kroner i land, og berre 5 prosent nyttar meir enn 1000 kroner. Larsen har i fleire artiklar peikt på det han meiner er Innovasjon Norges «helt ubegripelige» tal: «En barnefamilie med to barn ville da bruke 3440 kroner på land ved hvert anløp – og det gjør i alle fall ikke de vi spurte.» Har Larsen rett, legg ikkje cruiseturistane att 2,3 milliardar, men 810 millionar kroner.

Likevel nyttar norske kommunar og staten store summar på å trekkja til seg cruiseturistar. Losteneste vert bygd ut, hamner utvida og guidar utdana. Slikt gjev resultat. I ein rapport frå 2015 fortel Transportøkonomisk institutt (TØI) at talet på cruiseturistar til Noreg har auka frå 200.000 i år 2000 til nær 700.000 i 2014. Den gjennomsnittlege årsveksten har vore på 9 prosent, og storleiken på skipa og dimed passasjermengda har vorte dobla. Den norske trenden er òg ein internasjonal trend. I 1980 var det 1,4 millionar cruisepassasjerar internasjonalt, I 2006 15 millionar og i fjor 24 millionar. Det som før var ein liten luksusmarknad, har i stadig aukande grad vorte masseturisme. Ein brite kan no få ein tidagars tur til Noreg for så lite som 2500 kroner. TØI har òg laga ein moderat prognose for den vidare veksten. Dei går ut frå at han veks med 3,5 prosent årleg fram til 2028 og 2 prosent mellom 2028 og 2060. Det gjev om 2 millionar cruiseturistar i 2060.

Ureinar mykje

Men igjen: Er dette lurt? Truleg ikkje om vi legg miljø- og samfunnsøkonomiske omsyn til grunn. I ein større artikkel om «Harmony of the Seas», eit cruiseskip ått av Royal Caribbean International, ja, det «norske» cruiseselskapet, går The Guardian gjennom miljørekneskapen til cruisenæringa samanlikna med bilar. Eit skip som «Harmony of the Seas» slepper ut like mykje CO2 som 83.678 bilar, like mykje NOX som 421.153 bilar og – hald dykk fast – like mykje små partiklar som 1.050.000 bilar.

Daniel Rieger i den store tyske miljøorganisasjon Nabu har skrive fleire rapportar om cruisenæringa. (Interesserte kan søkja på «This stinks! – NABU’s campaign for a cleaner cruise industry».) Han fortel at eit cruiseskip som går i full fart, kan sleppa ut like mange ureinande partiklar som 5 millionar bilar på den same distansen, dette av di skipa «nyttar tungolje som på land ville ha vorte definert som giftig avfall. Tungolje kan innhalda 3500 gonger så mykje svovel som diesel nytta på land». Og når ein veit at desse skipa nyttar minst 150 tonn tungolje per dag når dei seglar på ope hav, vert det mykje ureining.

Liker ikkje tiltak

Men vi treng ikkje draga til utlandet for å finna ut at cruiseskip ureinar. Sjøfartsdirektoratet kom i mai i ut med rapporten «Utslipp til luft og sjø fra skipsfart i fjordområder med stor cruisetrafikk», der direktoratet kjem med framlegg til kvotar for å segla på dei tre verdsarvfjordane i Noreg og til reinseteknologi. Dei skriv: «Ut fra de naturvitenskapelige vurderinger og undersøkelser som er gjort fremkommer det at nivået av nitrogenoksider (NOx) i Geiranger og Flåm til tider overskrider verdier som kan ha en negativ helsemessig påvirkning. I tillegg bidrar NOx sammen med sot/røykpartikler og vanndamp, til dannelse av røykskyer i fjordene. Kombinasjonen av eldre skipsmaskineri, utslipp, antall skip og meteorologiske forhold medfører i perioder mye røykdannelse.» Dei nye krava skal eventuelt berre gjelda for UNESCO-fjordar, og cruisenæringa kan dimed framleis segla med gamle skip til alle byar og dei fleste fjordane i Noreg.

Cruise Norway liker likevel ikkje slike krav, fortel dei i eit høyringsinnspel. «Etter Cruise Norway sitt syn er det den enkelte havn/destinasjon og de lokale aktørene som kjenner sin havn best og som best kan vurdere egnet antall skip/passasjerer sett i lys av øvrig land- og sjøbasert trafikk i området.» Cruise Norway er heller ikkje lysten på strenge miljøkrav: «Med tanke på verdiskapingen på land, ber vi dog om at det i den videre prosessen legges like stor vekt på de samfunnsmessige og økonomiske aspektene ved denne trafikken, som det miljømessige aspektet.» Men sjølv om Cruise Norway er for å leggja vekt på det økonomiske aspektet, er dei mot å gje cruisenæringa ei avgift for å vitja dei norske fjordane: «Den norske naturen har tradisjonelt vært gratis og tilgjengelig for alle og bør fortsatt være det.» Om dei tre UNESCO-fjordane Geirangerfjorden, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden skal få litt strengare miljøkrav til cruisenæringa, vert avgjort av den neste miljøvernministeren.

Dårleg med skatt

Så til det samfunnsøkonomiske og det at cruisenæringa vil at norsk natur framleis skal vera «gratis». Samfunnsøkonomisk hadde det sjølvsagt vore lønsamt om turistane framleis kom etter at vi hadde innført ei avgift på til dømes 2000 kroner per cruisepassasjer. Det hadde gjeve oss meir valutainntekter, og stat og kommunar ville fått høgre skatteinngang. Eit cruiseskip er lite anna enn eit flytande hotell. Men likskapen går berre så langt. Dersom du arbeider i hotellnæringa på land i Noreg, må arbeidsgjevaren betala 14,1 prosent i arbeidsgjevaravgift og skatt på overskot. Vidare må du sjølv betale moms og forbruksavgifter i tillegg til trygdeavgift og inntektsskatt. Alt som vert konsumert på hotellet der du arbeider, utløyser i sin tur ei rekkje avgifter til staten. Dette gjer at hotellovernatting i Noreg vert dyrt. Det finst knapt det land i verda som har dyrare hotell enn Noreg.

Men dette at hotell i Noreg er dyre, gjer at utlendingar som nyttar norske hotell, legg igjen mykje utanlandsk valuta. Og det at arbeidskraft er dyrt i Noreg, gjer at dei som tilset folk, vil at dei tilsette skal vera effektive. Dimed får Noreg høgre produktivitet, og vi vert alle rikare.

Konklusjonen gjev seg dimed sjølv: Ein arbeidsplass i hotellnæringa er mykje meir lønsam for Noreg samla sett enn ein arbeidsplass i cruisenæringa. Om vi får utlendingar til å overnatta for 2000–3000 kroner natta pluss eta i restauranten og drikka i baren, tener AS Noreg mange pengar. Når ein brite drikk seg full i Geirangerfjorden etter å ha ete all inclusive-middagen på cruiset som kosta 2500 kroner, tener Noreg ingenting. Resten av norsk turistnæring vert altså utkonkurrert av flytande hotell som har ei rekkje fordelar som norsk næringsliv ikkje har. Og når somme får store indirekte subsidiar frå skattebetalarane, som cruisenæringa i røynda får i Noreg, vert den samla økonomien skadelidande.

Betaler ingen stad

Skal cruisenæringa kunna segla, er ho avhengig av å kunne kjøpa ting i land. Ho treng i tillegg slikt som kystvakt og redningsteneste, til dømes offentleg finansierte helikopter som kan henta passasjerar til offentlege sjukehus om noko gale skjer. Cruisenæringa er enkelt og greitt like avhengig av offentleg infrastruktur som alle andre næringar. Men her kjem paradokset: Næringa betaler ikkje for denne infrastrukturen. I 2013 laga amerikanske NBC ein dokumentar om Micky Arison, administrerande direktør i Carnival, som er nummer 1 på lista over cruisereiarlag, rett føre Royal Caribbean. Forbes seier at Arison no har ein formue på 80 milliardar kroner. NBC synte at dei siste fem åra hadde Carnival betalt 0,6 prosent av omsetninga på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå i skatt og avgifter.

I USA omset cruiseindustrien for om lag 250 milliardar kroner. Cruiserreiarlaga har stadig vekk felles øvingar med den amerikanske kystvakta. Men dei betaler ingenting for denne tenesta. Royal Caribbean og Carnival har båe hovudkontor i Florida, men er skatteregistrert i skatteparadis. Dimed slepp dei i praksis også unna det mest av amerikansk overskotsskatt. Carnival betalte 0,7 prosent i skatt av overskotet i 2014, 2,3 i 2015 og 1,7 i 2016, skal vi tru nettstaden The Motley Fool.

I Noreg har vi noko som heiter Garantiinstituttet for eksportkreditt, GIEK, som vert drive med statlege pengar. Berre i desember i fjor garanterte GIEK for 2,3 milliardar i cruiseskip for skipsbyggaren Vard Group AS. Det er tilfeldigvis det same som Innovasjon Norge vil ha oss til å tru at cruiseturistar legg att i Noreg.

Les meir på dagogtid.no

Oppdatert: laurdag 12. august 2017 12.53

Kommentarar

ANNONSE