Skip står for ein tidel av utsleppa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei største utsleppa kjem frå passasjerskip og ferjer og frå offshorefartøy og fiskefartøy. Dette er òg dei klart største fartøygruppene, skriv Teknisk Ukeblad. Skip i hamn står for 7 prosent av CO2-utsleppa frå skipsfarten.

LES OGSÅ: Vil ha miljøvenlege ferjer i Hordaland

– Dette er viktige grunnlagsdata for Grønt Kystfartsprogram, der styresmakter og næring sit saman og planlegg korleis vi kan få ned utsleppa frå skip, seier Terje Sverud. Han er leiar for miljørådgivingsavdelinga i DNV GL Maritime.

Dersom talet på skip held fram med å vekse utan at det blir sett inn tiltak, vil utsleppa auke med 60 prosent fram til 2040. Dermed må noko gjerast dersom styresmaktene skal nå klimamåla. For å redusere utsleppa trass veksten i skipsfarten, må 2.700 fartøy byte til gass, biodrivstoff eller straum innan 2040.

– Vi ser for oss ei utvikling i fleire trinn og med litt ulike løysingar i ulike skipssegment, seier Sverud.

Prosjektleiar Kjetil Martinsen seier somme område klart peikar seg ut som aktuelle for alternative drivstoff og ny teknologi.

– Det er fleire ferjestrekningar som ganske raskt kan fullelektrifiserast. Vi har teknologien til det, seier Martinsen.

Også fleire andre skip som går i strukturert trafikk, kan vere aktuelt å lade ved kai. (©NPK)

LES OGSÅ: Oljeselskap vil betale for CO2-utslepp