Carl Frode Tiller: – Da eg prøvde nynorsk, losna det med ein gong

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når eg skriv, føler eg veldig stor fridom og ei makt. I det rommet kan eg bruke fantasien og heile meg til å gjere ting som ingen andre kan kontrollere. Det var ein av grunnane til at eg vart veldig glad i å skrive, seier Carl Frode Tiller.

Den kritikarroste trøndelagsforfattaren er årets festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Ørsta, som går av stabelen 13.-16. juni.

Festspela feirar bokåret 2019 med å setje forteljingar på dagsordenen under årets festival.

Samfunnsdeltaking

Årets festspeldiktar er heile tida på leit etter rytmar og måtar å komme i kontakt med ulike stemmer i seg sjølv på, og hentar inspirasjon overalt. I ting han les, ser og høyrer. Einaste målet er å skrive best mogleg bøker.

– Om det kan påverke lesaren, er det berre ein bonus. Min måte å delta i samfunnet på, handlar om å skrive og tilføre stemmer, seier han.

49-åringen opplever det å skrive som å vere del av ein samtale med heile verdslitteraturen, eit stort nettverk av både notidige og tusen år gamle forfattarar.

Fosse viste veg

Da Tiller var i tjueåra og spelte i band, oppdaga han litteraturen til Jon Fosse.

Ifølgje forfattaren sjølv ville ikkje den prislønte debutromanen Skråninga (2001) vore mogleg utan den oppdaginga. Dei konsentrerte Fosse-tekstane med rytme og gjentakingar opna ei ny verd.

– Eg merka fort at det eg las gav heilt andre kjensler og uttrykte mykje meir enn det dei konkrete orda viste til. At ein kunne bruke musikalske verkemiddel også i litteraturen, var nytt for meg, forklarer Tiller.

Skråninga starta som eit eksperiment med språk og rytme. Han bestemte seg for å skrive heilsetningar utan komma.

– Da fekk språket ein veldig kort, hakkete rytme utan pausar og gav ei kjensle av noko nevrotisk. På den måten kom eg på sporet av stemma til ein som var psykisk sjuk, og byrja å endre historia til personen.

Carl Frode Tiller er første trønder ut når han deltek som festspeldiktar på Dei nynorske festspela 13.-16. juni. Her står han ved Nidelva og Gamle bybro i Trondheim. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Nynorsk trønder

Samtidig spora han inn på ei anna målform for å frigjere seg frå sakprosa-stilen.

– Da eg prøvde nynorsk, losna det med ein gong. Eg fann ei litterær stemme som passa til universet eg skreiv om i Trøndelag, og som tillèt meg å bruke trøndersk i mykje større grad.

Etter debutromanen følgde han opp med Bipersonar, trebindsverket Innsirkling, og i 2017 gav han ut den sjette romanen sin, Begynnelser. Undervegs har han også skrive fleire drama for scena.

Kor god er du på litteratur? Prøv deg i vår litteraturquiz!

Handlinga er eit resultat av språket

Tekstane til Tiller handlar ofte om folk som fortel om seg sjølve og prøver å skape meining og samanheng i si eiga livsforteljing.

I «Skråninga» er det eit knust og øydelagt liv. I Innsirkling handlar det om identitet og å setje saman eit liv ut ifrå små bitar av forteljingar.

Det tok lang tid før han forstod det sjølv, men det starta allereie da han skreiv hovudfagsoppgåve i historie. Da intervjua han 20 sagbrukarar i Namsos og prøvde å finne ut korleis dei tenkte om eigne liv.

Tiller trur at globalisering, høgt tempo, oppløysing av gamle tradisjonar og sanningar, gjer at folk treng å vite kven dei er.

– Folk vil alltid stille seg spørsmål om kven dei er i alt dette, prøve å finne kva fellesskap dei skal tilhøyre, og skape historiene om seg sjølve.

For å finne si eiga forteljarstemme, har det vore heilt avgjerande for Carl Frode Tiller å skrive dialektnært. Mykje av handlinga i bøkene går for seg i Trøndelag. Her står han ved Nidelva og Gamle bybro i Trondheim. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Blir deprimert av feelgood

– I fleire av forteljingane dine er det mykje mørke. Det kan verke tungt å jobbe med?

– Det kjennest ikkje tungt i det heile når eg skriv om det. Eg blir meir deprimert av feelgood-litteratur eller feelgod-film. Det klarer eg ikkje, da blir eg i dårleg humør, og føler at dei lyg til meg. Det må vere begge delar, både lys og mørke.

Tiller trur mykje av grunnen til at det blir mykje mørke, er at han er ute etter ein nerve, og at det difor må stå ting på spel og skje ting mellom folk som er stort og viktig. Da han skreiv den siste boka si, «Begynnelser», gleda han seg til å byrje å skrive kvar morgon.

– Boka er på veldig mange måtar mørk. Men det gjekk veldig lett å skrive. Når eg synest det blir fint og vakkert, så overvinn det alt som har med det mørke i tematikken å gjere.

Les også: Debutantane fortel om bøkene som forma dei 

Eksperimenterer med ny form

På opninga av festspela framfører han nyskriven tekst saman med musikar Stian Westerhus. Tekstane er meir i retning kortprosa og dikt enn romanutdrag.

– Delar av det er veldig annleis enn stilen i bøkene mine, og liknar kanskje meir på det eg skreiv før eg debuterte som forfattar – da eg skreiv tekst til musikk. Så det er spennande, og ei veldig fin anledning til å eksperimentere og prøve noko heilt nytt, seier Tiller.

Fordi han skal stå på scena saman med ein improvisator som vil førebu minst mogleg, veit han ikkje korleis det blir før dei står der.

Skal vi tru Tiller, blir det både lys og mørke.

Les også om då Carl Frode Tiller var 20 år og fekk ein pistol mot bakhovudet i Brasil: 

Forfattar Carl Frode Tiller fylte 20 år i 1990. Det året starta han på sosialantropologi før han reiste til Brasil. Foto: Aschehoug/privat

Carl Frode Tiller

  • Fødd 1970, i Namsos.
  • Utdanna historikar.
  • Fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for «Skråninga» i 2001. Romanen fekk òg P2-lytternes romanpris og vart nominert til Brageprisen
  • Har skrive for teaterscena og gitt ut romanane «Bipersonar» (2003), «Innsirkling» (2007), «Innsirkling 2» (2010), «Innsirkling 3» (2014), og «Begynnelser» (2017).
  • Er fleire gongar nominert til Nordisk råds litteraturpris
  • Årets festspeldiktar under dei Nynorske festspela i Ørsta.