I det samla sidetalet er det ikkje eit einaste punktum. Fosse meiner likevel ikkje at bøkene blir vanskelege å lesa.
– At det ikkje er nokon punktum betyr ikkje at dette er vanskeleg å lesa altså. Eg føler det flyt fint, seier han til nettavisa BOK365.no
- Les også: Olaug Nilssen møter Erna Solberg
Septologien
Det nye verket har tittelen Septologien. Hovudpersonen i verket er den aldrande målaren Asle som har isolert seg på ein avsidesliggjande plass som heiter Dylja. Både namnet på hovudpersonen og fleire av stadnamna er dei same som Jon Fosse brukte i trilogien Andvake.
Forfattaren avviser at kunstnaren han skriv om handlar om han sjølv.
– Eg får ikkje til å dikta mitt eige liv. Landskap, erfaringar og tankar er med, men det må diktast. Eg skriv om livet på Vestlandet, men eg diktar det fram, seier Fosse.
- Les også: Frå nynorsk til maltesisk