Forteljingar blir tema på Dei nynorske festspela 2019
Dei nynorske festspela feirar bokåret 2019 med å setje forteljingar på dagsordenen under årets festival 13.-16. juni.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Temaet i år er vinkla mot dei mange grunnforteljingane som pregar oss som individ og samfunn, anten det er utforming av historiebøkene, forteljingar om mødrer og fødsel, eller Bibelen, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i ei pressemelding.
No er heile programmet for festspela 13.-16. juni klart.
Blant forfattarane som kjem til festivalen i år, er Olaug Nilssen, Maria Parr, Kjartan Fløgstad og festspeldiktar Carl Frode Tiller.

Slik ser plakaten til Dei nynorske festspela 2019 ut.
Programmet består av samtalar om språk, litteratur, historie og meir, kjem det fram i pressemeldinga.
Opning i uteamfiet
For å nå ut til endå fleire, har opninga av festivalen fått ein ny vri. I Uteamfiet vil festspeldiktar Carl Frode Tiller setje stemninga saman med gitarist og lydkunstnar Stian Westerhus. Olaug Nilssen står for opningstalen, og til slutt vil Festspela nytte høvet til å vise fram Runar Gudnason sin variant av «Nordmannen».
Til avslutninga kjem Kjartan Fløgstad saman med musikarane Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Jorunn Marie Kvernberg for å framføre konserten Sandharpesongar.

Mari Boine skal både opptre og snakka om det å vera samiskbrukar i norsk skule. Foto: Gregor Hohenberg.
Mari Boine om språk i skulen
Årets stemnetale blir ved barnebokforfattar Maria Parr, som er nominert til verdas største barne- og ungdomslitteraturpris.
I desember vart det kjent at artistane Sigvart Dagsland, Mari Boine og BokkeReidars BluesBand med Side Brok som gjester skal spele på festivalen.
I tillegg til å halde konsert, vil Mari Boine også stille til ein samtale om å vekse opp i den norske skulen som samisk språkbrukar. Der vil ho også møte artisten Ánná Káisá Partapouli, som i fjor vart kåra til Årets unge samiske kunstnar under Riddu Riđđu-festivalen. Partapouli vil også vere oppvarming for Boine same kvelden.
Les også om nynorskparadokset i Trøndelag!
Innsirkling av Carl Frode Tiller sin forfattarskap
Litteraturen står sentralt under Dei nynorske festspela.
– Vi vil utforske korleis ulike forteljarstemmer formar oss, fortel programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i pressemeldinga.
I år skal forteljerstemma til festspeldiktar Carl Frode Tiller vere i fokus på fleire arrangement.
– Eg har så mykje å takke nynorsken for. Han gav meg sjansen til å bruke trønderdialekten min i det eg skriv, og hadde det ikkje vore for det, veit eg ikkje om eg hadde vore forfattar i dag. Eg hadde iallfall vore ein dårlegare forfattar, sa Tiller det vart kjent at han var årets festspeldiktar.

Trøndelagsforfattaren Carl Frode Tiller er årets festspelforfattar. Foto: Akam1k3
Forfattarskapen hans vil blant anna bli vist fram gjennom både samtale med Olaug Nilssen, gjennom temautstilling og tekstlesing. Tiller vil også sjølv delta i samtale om ei av forteljarstemmene som har vore viktig for han, nemleg 60-årsjubilanten Jon Fosse.
I 2018 hadde Dei nynorske festspela for første gong eit omfattande program ute i skulane, og det skal dei gjere også i år. Forfattarane Anders Totland, Ruth Lillegraven og Rolf Losnegård skal nå ut til hundrevis av elevar i løpet av festspelveka.
– No gler vi oss stort til å vise fram alt vi har planlagt. Bokåret 2019 blir feira over heile landet, og vi ønskjer å nå breitt ut og skape ei stor feiring i Ørsta og Volda i juni, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i pressemeldinga.